Tilbake til nms.no Nyheter frå Japan
Meny
Last ned

Kvardagsglimt frå Japan

Den minste i familien har nå fullført si første veke i barnehagen, og kvardagen har begynt for alvor.
Del Facebook Twitter E-post

Det flotte med å begynne i barnehagen i januar her i Japan, er at nyåret markere slutten på barnehagesemesteret. Her starter semesteret i April og går fram til slutten av mars det kommende året. Difor vert dei tre første månedene av året stappa fulle av kjekke aktiviteter for å skape minner for dei små. Aktiviteten som var satt til vår første veke, og som er av den tradisjonelle sorten, var produksjon av Miso.

Miso er ei tjukk røre av soyabønner, salt, koji (kokt ris og tørket som inneholder gjæringsbakterier) og maltekstrakt, og vert brukt som ingrediens i store dele av det vi kan kalle japansk husmannskost.

Produksjonsprosessen er enkel. Du knuser alt i saman, og så lar du det fermentere mellom tre månader til eit år avhengig av kva bønner ein har brukt.

Vi er takksame for dei tilsette i barnehagen, som står på og jobber hardt for felleskapet. Etter berre ei veke føler vi allereie at vi har blitt ein del av samfunnet rundt den vesle barnehagen vår son går i. Kanskje kan relasjonane som oppstår, gjennom enkle aktiviteter som produksjon av Miso, og i møte med andre foreldre være med på å skape interesse, tro og engasjement.

Det vart ein gong sagt oss at barna er dei største misjonærane i Japan. Då dei skapar ein sosial arena og eit tilhøyre til samfunnet rundt som foreldra kan nytte godt av i sitt arbeid. Dette kjenner vi at kanskje stemmer, i eit land kvar trua på Jesus vert til i relasjonane mellom enkeltmennesker.

Miso sett

Produksjon av Miso

Salt

Fermentering av Miso

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp