Tilbake til nms.no Nyheter frå Japan
Meny
Foto: Privat / VIGSLET: August Martin Christensen, biskop Anne Lise Ådnøy og Berly Kristina Unlayao Slettebø-Knudsen. Last ned

Ordinasjon og sending til Japan

Den 12. januar var det festgudsteneste i Kampen kyrkje. To unge teologar vart ordinert til teneste som misjonsprestar for NMS med Japan som tenestestad. Samstundes vart dei to tilhøyrande familiane samla framføre altaret til forbønn og utsending.
Del Facebook Twitter E-post

Namn på utsendingane:

  • Berly Kristina Unlayao Slettebø-Knudsen
  • Jone Unlayao Slettebø-Knudsen
  • Kilvin Unlayao Slettebø-Knudsen
  • August Martin Christensen
  • Christine Oseland
  • Ulrikke Oseland Christensen

Dei to familiane reiser til Japan i løpet av januar og februar og kjem til å busetja seg i Wakayama by, der språkstudier vert hovudfokus dei første to åra.

Dersom du ønsker å støtte arbeidet dei to misjonæreiningane skal gje seg ut på, kan du gå inn på nms.no/gi. Klikk på pila i «Til» feltet og velg Japan.

 

Vert du med i bønn? Be for …

  • At familiane og barna skal ha det trygt og godt.
  • Språkstudia som ligg føre dei.
  • Helse og vilje til arbeid.
  • For at gode relasjonar skal vekse fram og laga grobotn for godt arbeid.
  • Kyrkja i Japan, og alle menneska som kjem i kontakt med den.
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp