Reisebrev frå Japan – 2023
Her kan du lese reisebrev frå våre trainees i Japan, og noko av det dei har fått vera med på under førebuingane til misjonsteneste.
2023 har vert eit innhaldsrikt år for misjonen i Japan. Dette var året då landet la bak seg ei rekke med harde restriksjonar, forbod og påbod, og opna for innreise igjen. På dette tidspunktet hadde vi vyrdande misjonærar forsøkt å komma oss inn i landet sidan 2020, og endeleg vart alt lagt til rette for reise. To av oss var i ferd med å gjennomføre misjonspraksis i regi av teologistudiet, og praksis vart lagt til Japan. For 3 av 4 vart dette det første møte med landet vi nå er i ferd med å gjera oss klare til teneste i.
Målet med reisa var først og fremst ikkje misjonsteneste, men ein blanding av kulturreise og studiereise. Det å få eit godt møte med Japan som land, og det å utvikle ei forståing av religion og misjonsarbeid var det som stod på agendaen. Korleis passer vi som enkeltindivid inn i den japanske kyrkja og dens kontekst, var kanskje hovudspørsmålet vi ønska å få svar på under opphaldet.
Reisa strekte seg over seks veker og er dermed for lang til å dekke i sin heilskap her, men vi skal forsøke å gje eit lite glimt av reisa, møta og aktivitetane som vi fekk vera ein del av under opphaldet.
Gudsteneste og Musikkens Potensiale (26.02.23)
Aktivitetane hadde ein brå start. Allereie kl. 07.00 dagen etter at vi landa på Kansai internasjonale flyplass var vi på reise til Minami Osaka, kyrkje kvar vi skulle feire gudsteneste. Det vart ei triveleg samling med heile 16 personar samla til gudsteneste (dette er stort oppmøte i den japanske kyrkja). Ein av praktikantane hadde vitnesbyrd om korleis ho tok valet om å verta prest, og ein anna spilte piano til salmane. Etter gudstenesta vart det servert «karaage» (stekt kylling), ikkje akkurat det vi er vant til får norsk kyrkjekaffi.
To i reisefølget er utdanna innanfor musikk og skulle etter gudstenesta få møte eit kristent japansk par som tidlegare har jobba som musikarar ved konservatoriet i Wien. Der vart det snakk om bruken av musikk inn mot kyrkjelydsarbeid og moglegheitene dette fører med seg. Klassisk musikk er stort i Japan, og konsertar kan vera med på å skape ei kontaktflate mellom menneske og kyrkja. Kven veit, kanskje kan dei neste store prosjekta i Japan vera knytt til musikalsk arbeid. Mot slutten av møte overraska ein av japanarane ved å overrekke ein gamal bratsj til ei i følgje. Det skulle vera eit teikn på godvilje, og at dei norske misjonærane er velkomne inn i det musikalske arbeidet og miljøet i Japan.
Møte med Kultur og Religion (28.02.23)
Noko av målet med reisa til Japan var å få ein følelse og forståing av land, religion og kultur. Tysdag den 28. februar reiste vi difor frå prestebustaden på Mukonoso, kvar vi hadde vår base, til Kyoto. Kyoto er den gamle hovudstaden i Japan, og vert rekna av mange som det kulturelle hovudsete i landet. Mykje av det historiske Japan har sitt utspel her.
Vi besøkte «Saijosho-Daigengu»-tempelet, eit hovudtempel som er dedikert til alle guddommane i den shintoistiske tradisjonen. (Dvs. at ein kan komme her og be om kva enn det måtte være). Tempelet står på same grunn som universitetet i Kyoto og er staden kvar ein av Kyotos største festivalar held til i midten av august, «Gozan no Okuribi».
Overgangen frå mars til april er blomstringstid for Sakura-trær, og første dagen for blomstring er ein uoffisiell heilagdag i Japan. Vi var så heldige å få sjå eit tre som var litt tidleg ute, og under opphaldet vårt vart Japan sakte men sikkert dekka av kvite og rosa blomar. Sakura er nasjonalblomen til Japan, og den representerer endring i form av fornying og optimisme. Det er det sikraste teikne på at vinteren er ferdig og våren har komme.
Kristne barnehagar og reise til Tokyo (01.03.23)
Under opphaldet var vi så heldige at vi vart invitert til å besøke ein barnehage i drabantbyen Izumi-Sano. Dette er ein barnehage drive av eit medlem av Kinki evangelisk-lutherske kyrkje (KELC), og som er plassert på same tomt som ein av dei eldste kyrkjebygga hos vår partner. Vi vart helsa med eit godt innøvd «God morgon!» på norsk og det vart framført japanske songar for dei besøkande. Barna var aktivt med på programmet som bestod av besøk på avdelingane, mating av småbarn og produksjon av mochi (ein type riskake). Denne turen har i etterpåklokskap blitt ganske viktig. Vi er to par som skal reise til Japan våren 2025, og i den eine familien er det allereie født ein ny misjonær, mens den andre venter på sin som forhåpentlegvis kjem i byrjinga av mars 2024. Med dette i tankane vart besøke i barnehagen ein kjelde til tryggleik i møte med framtidig teneste.
Dagen etter besøket i Izumi-Sano var vi på reise til Tokyo. Dagen vart brukt til å besøke Yasukuni-heilagdommen. Dette er eit stort tempel dedikert til dyrking av forfedrar som døde under forsvaret av det japanske keisardømmet (Frå 1400-tallet fram til 1945-tallet). Her vert det nasjonalistiske og veldig høyreekstreme Japan representert på ein måte som skaper avsmak for mange som kjenner til brutaliteten under 2. verdskrig. Tempelet er veldig debattert i det moderne Japan for sin måte å gjera nasjonen (som originalt var ein angriper) til eit offer for Amerikansk og Europeisk aggresjon. Det vart eit lærerikt møte med Japansk imperialisme, og vi har gått frå det heile med ein litt meir nyansert forståing av politisk Shinto-Buddhisme og Japansk førkrigskultur.
Koyasan – Shingon Buddhismens Hovudsete (07.03.23)
Den 5., 6., og 7. mars var vi så heldige at vi fekk eit opphald i tempellandsbyen Koyasan på fjellet med same namn. Landsbyen ligger 1000 meter over havet i det skogfylte høglandet i Wakayama prefektur. Her hadde vi to innhaldsrike netter på tempelovernatting i eit Shingon-tempel.
Shingon-buddhisme er ein veldig esoterisk form for buddhisme, og målet er å sjokkere kroppen på ein måte som skaper ein spirituell kopling til onmyo-kami-buddha (den universelle Buddha). Heilt praktisk tyder dette: masse røykelse, kraftige halssong, perkusjonsinstrument og praktfulle alter og templar.
Tempelet vi overnatta på var eit av dei eldste templa i området, så fasilitetane var tradisjonelle i sin byggestil. Maten var vegansk av same type som munkene sjølv åt, og temperaturen på romma var tilsvarande det dei vert i gamle bygg utan isolasjon på ca. 1000 meters høgde og ein alder på 400 år.
Koyasan er også kjent for å ha ein av verden største og eldste gravlundar med namn «Okunoin». Det å gå rundt her var det næraste ein tilstand av tidlause vi nokon gong har eksistert i. Gravene her hadde ein følelse av å ha vert der like lenge som fjellet sjølv. Noko som ikkje var så rart med tanke på at dei første gravene har stått der i nesten 2000 år. Ei djup oppleving for livet!
Før vi reiste opp til Koyasan, feira vi gudsteneste i Wakayama kyrkje. Her er Klingensmith-sensei prest. Han er ein amerikanar med ca. 40 års erfaring i Japan, og under opphaldet var han vår mentor og medvandrar. Wakayama er ein av dei større kyrkjelydane i KELC, og mange Japanarar har gode minner med norske misjonærar her.
Kamagasaki – Ein Japansk Slum (09.03.23)
Den 9. mars var vi i ein av Japan sine «slum»-områder, Kamagasaki. Her fekk vi oppleve ei heilt anna side av Japan, ei side ingen snakkar om. «Slummen» er plassert i ein bydel kvar bebuarane nesten eine og åleine består av menn kva livet har tatt ei dårleg vending. Sjukdom, alkohol og stoffmisbruk har ført til at desse mennene har falt utanfor det sosiale systemet i Japan. På grunn av skam og tap av ansikt har dei ingen anna stad å gå enn til menneske i same situasjon. Denne samlinga av menneske i håplausa har til slutt danna eit eige samfunn, eit samfunn det er svært vanskeleg å komme seg ut ifrå.
I Kamagasaki har «East Japan Evangelical-Lutheran Church» (ikkje Kinki-kyrkja), i samarbeid med eit tysk misjonsselskap, opparbeida eit diakonalt arbeid som skal hjelpe menneske ut av «slummen» og tilbake til samfunnet. Tiltaket vert kalla «Kibo no ie» som omsett tyder «Håpets hus». Her får menneske på gata tilgang på varme, toalettfasilitetar og fritidsaktivitetar som eit verkemiddel mot alkohol og stoff. Ein av aktivitetane som vert gjennomført er tradisjonell japansk papirlaging av gamle melkekartongar som dei så malar motiv på. Bileta vert selt som plakatar og postkort til inntekt for prosjektet.
For tida er vi i ferd med å utvikle eit nytt prosjekt i samarbeid med KELC. Prosjektet har fått namnet «Diakonalt læringsprosjekt» med mål om å utvikle ein japansk diakonal identitet. Som ein del av prosjektet er det ein tanke om å utvikle praksisplassar for dei som er ekstra interessert i diakoni. Kanskje kan «Kibo no ie» vera ein trygg og god stad for læring.
Reise til Nara og Møte Med Tenrikyo (11.03.23)
Laurdag 11. mars reiste vi til Nara, staden som ofte vert kalla for Japans religiøse vogge. Dette er den første sentrale hovudstaden i Japansk historie, og den er kjent for sine flotte templar og tamme frittgåande Sika-hjort.
I Nara besøkte vi hovudkvarteret til ein ung og litt merkeleg religion som vert kalla for Tenrikyo. Det er, grovt forenkla, ein Hedonistisk religion som har som mål å gjennomføre eit ritual som vert kalla for «Kagura». Den dagen ritualet vert gjennomført rett og prefekt, vil verden gå inn i ein tilstand av det som vert kalla for «Joyeous life». Når dette er oppnådd vil menneske leve lengre, og sjukdom og det som er vondt vil ikkje lengre påverke kroppen. Religionen bærer preg av synkretisme, og ei kan tilsynelatande sjå element frå mange forskjellege religionar blanda samen her.
Etter Tenrikyo, besøkte vi eit av Japans største tempel, Todaiji. Dette er ein enorm rekonstruksjon av Japan sitt største tretempel. Inne i tempelet sitter Japans største Buddha-statue på ein enorm svart lotusbloms framfor ein vegg dekka med reint gull. Imponerande på mange måtar.
Kristendom og konsekvenser (12.03.23)
Søndag 12. mars deltok vi på to gudstenester. Den første gudstenesta var i Minato kyrkje som er plassert i toppen av eit høgbygg som også husar hovudkontoret til KELC. Deretter bar det videre til Myodani kyrkje kvar vi møtte kyrkjepresidenten i Kinki-kyrkja og ein kyrkjelyd beståande av 5 kvinner som alle var over 60 år. Vi hadde ei flott stund saman kvar vi snakka om vegen til den kristne trua. Her var det verkeleg mange sterke historier om vanskelege val og tunge familiesituasjonar i møte med trua.
Det å vera kristen i Japan er vanskeleg på ein heilt spesiell måte. Det japanske samfunnet er sterkt bunden til tradisjon og konformitet. Dersom slekta historisk høyrer til buddhismen, så skal alle individa i familien høyre til buddhismen. Einskapen er med på å skape samhald i familien, og dersom nokon ønsker å følgje ein anna religion så vert ikkje dette møtt med blide auger. Den japanske familien vert ofte styre av ein «Shujin» (husets meister), og det er denne personen som diktere kva som er rett for familien å gjera. Dersom ein vert kristen, og «Shujin» er imot dette, kan det føre til at ein må bryte med familie og slekt for å kunne praktisere si tru.
Gudstenesta i Myodani bar ikkje berre med seg godt. Førre gong vi var på besøk (2018) bestod kyrkjelyden av 25 medlemmar. Etter koronapandemien var talet som sagt redusert til 5. Røyndommen er den at det ikkje eksisterer eit menneske i Japan som ikkje har erfart dødsfall i nær relasjon som eit resultat av koronapandemien. I tillegg består kyrkjelydane for det meste av menneske over 70 år. Dette tydar at dersom ingenting vert gjort, så kan den japanske kyrkja døy ut på under 20 år. Eit viktig arbeid liggar altså framføre oss!
Use Your Talents (17.03.23)
Torsdag den 16. Mars kom generalsekretær i NMS, Helge S. Gaard, med sine kollegaer til Osaka for å delta på KELC sin generalforsamling. Det var framleis ei veke til samlinga, så tida før skulle brukast til å presentere NMS sin nye filosofi og arbeidsmetode «Use Your Talents» (UYT). Fredag 17. mars vart det arrangert UYT-Workshop for representantar for kyrkjelyden i KELC samt kyrkjeleiinga. Dei fleste kyrkjelydane med fullverdige styrer var representert, sjølv om folk framleis var skeptisk til fysiske møter etter korona.
«Use Your Talents» er ein ny måte å tenke misjon på. Før har ein ofte reist ut til dei forskjellige misjonsmarkene med ein tanke om at ein skal tilføre det dei manglar. Har dei for eksempel ikkje ungdommar og ungdomsarbeid i kyrkjelyden, så vert det jobba med ungdomsarbeid for alle pengane. Problemet med denne typen arbeid er at det heile har ein tendens til å falle saman nå misjonærane reiser heim eller den økonomiske stønaden tar slutt. For å motverke denne effekten tar UYT utganspunkt i det som allereie eksisterer i landet ein driv misjon i. Kva talent eksisterer frå før, og korleis kan ein bruke dei resursane som allereie er og verker hos vår partner. Klarere ein å finne fram til slike resursar, så har ein varig arbeid som står på eigne bein frå starten av.
«Soukai» (21.03.23)
Tysdag den 21. mars var reisefølgje frå NMS samt representantar og medlemar frå KELC samla til «Soukai» (generalforsamling) ved «Hotel the Lutheran» nær Osaka slott. Dette skulle bli det store høgdepunktet under vårt opphald i Japan. Det var lagt opp til festgudsteneste og ordinasjon av ein ny prest, og det skulle underskrivast ny samarbeidsavtale mellom NMS og KELC. I tillegg vart dei framtidige misjonærane presentert for KELC, noko som skapa eit nytt alvor i kallet til teneste for oss.
Som nordmann i Japan kan ein tenke seg at språk kanskje skulle vera ein stor utfording. Overraskande nok vart vi under «Soukai» møtt av 4 japanarar som alle saman snakka flytande norsk. Dette var personar som via norske misjonærar hadde fått moglegheita til å studere i Noreg, og nytta sjansen til å lære seg norsk. Under reisa til Noreg hadde alle blitt inspirert til teneste, og alle var nå sysselsett som arbeidarar i KELC. Utveksling viser seg å vera eit sterkt verktøy i møte med rekruttering også i Japan.