Tilbake til nms.no Estlandblogg
Meny
Foto: Bilde er tatt med selvutløser Last ned

Husgruppe for ungdom

Etter rolegare tider i ungdomsarbeidet prøver ungdomsteamet i Saku noko nytt- husgruppe for ungdom. Korleis er det å få tilbakehaldne og ordknappe estiske ungdommar til å bli med på dette?
Del Facebook Twitter E-post

Ungdomsarbeidet i Saku har lenge bestått av ungdomskveldar ein laurdag i månaden, og ungdomsgudstenester på søndagar med same hyppigheit. Dette har vi som eittåringar vore med på å gjennomføre. Vi har vore med i teamet som planlegger ungdomsgudstenestene, og har fått ein del ansvar med å utforme programmet for ungdomskveldane. Diverre har vi ikkje hatt det beste oppmøtet i det siste, og i haust kom vi til eit punkt der ungdomsteamet hadde ein slags kollektiv lengt etter noko meir. På ungdomsleiarseminar som vert arrangert to gonger i året her i Estland, fekk vi i oppgåve å setje oss ned å snakke om korleis arbeidet vårt gjekk, samtidig som vi skulle leggje fram nye draumar, visjonar og praktiske idear for korleis det kan sjå ut i framtida.

Det eine førte til det andre, og i løpet av dei neste månadane samla vi oss til møte for å leggje meir konkrete planar for ungdomsarbeidet i næraste framtid. Sjølv om vi hadde mange idear, var det også nokre hindringar som gjorde det vanskeleg å sjå for seg korleis vi kunne styrke opplegget vårt. Til dømes har vi innsett at det gamle bedehuset vi held til i, diverre ikkje er så innbydande for lokal ungdom og vi gler oss til nye fasilitetar med eige kyrkjebygg. Vi har gjort nokre tiltak for å gjere rommet litt meir ope og koseleg, men kjenner oss framleis litt avgrensa. Det er rett og slett for mykje som vil ha ungdommane si merksemd i dagens samfunn. Vi har funne ut at det viktigaste vi kan gjere, er å byggje eit fellesskap der ungdommane opplever at det er godt å vere, ein stad der dei veit at dei har vener som ventar på dei. Og korleis gjer vi det? Vårt første tiltak har vore å setje saman ei husgruppe for ungdom.

Då vi kom tilbake etter juleferie var planane klare, men vi var spente på om det var nokon av ungdommane som hadde lyst å vere med. Akkurat som i Noreg, er det mange av ungdommane som er veldig aktive, og det kan nokre gonger vere vanskeleg å finne ein dag som passar for ei heil gruppe. Vi vart difor positivt overraska då det viste seg at vi hadde rundt fem ungdommar som både var interesserte i å vere med og som var ledige på same dag som oss leiarane. No kunne vi endeleg starte opp.

I Estland er det ein tendens til at dersom det vert arrangert bibelgruppe eller liknande, forventar folk at ein leiar, til dømes presten, skal ha undervisning for resten av gruppa. Dei er gjerne ikkje så komfortable med gruppediskusjonar og liknande, men likar best å sitje å høyre på. Vi veit likevel at menneske har behov for å bli høyrt, og at det er viktig å få dele det ein har på hjarta. Difor prøver vi å skape ein atmosfære der det skal vere lav terskel for å dele og for å tørre å stille spørsmål.

Vi har planar om å møtast to gonger i månaden, og har allereie rukke og samlast eit par gonger. Då har vi delt eit godt måltid, prata om laust og fast og lest i bibelen saman. Innimellom kjem vi også til å gjere nokre ekstra kjekke ting saman, så neste gong tar vi turen til «City Jungle Golf» i Tallinn. Vi gler oss til fortsetjinga!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp