Alle har noko å bidra med
Mitt opphald på Fihaonana har fått meg til å innsjå kor flinke og engasjerte gasserane er til å dele sine ferdighetar. Nivå har lite innspel, det vil alltid vere nokon andre som vil finne nytte i det. På mange mulige måtar går mange her fram for å lære frå seg sine talentar. Å lære frå seg å spele keybord er berre eit av mange eksempel. På søndags ettermiddag deltar nokre av elevane i å undervise på søndagskulen for borna. Jentene set seg ofte i grupper og lærer kvarandre det dei kan av å sy klede, flette hår eller kurver. Og ikkje berre er gasserane flinke til å dele sine talent, men folk flest er ivrige til å delta og lære nye ting.
Elevane har alle ein praksisperiode. Då får dei kvar sit område, eller reiser tilbake til heimstaden sin. Der skal dei øve seg på det dei har lært av jordbruk gardsdrift, men den viktigaste oppgåva deira er å lære bort dei nye kunnskapane sine i samfunnet dei held til i, som med familien og naboar og andre kjente i nærområdet.
På Fihaonana jordbrukskule blir elevar og tilsette motivert og lært opp til å dele sine kunnskapar med medelever, venner og familie som kan bidra til å forbetre samfunnet, uavhengig av nivå. Det blir sitt på som ein viktig dyd her å lære bort det ein kan til andre.