Tilbake til nms.no Connect Madagaskar
Meny
Last ned

Offer til dei sjuke

Nenisoa er ei av hyrdane som bur på tobyen Filadelfia. Her gir ho sin tid, energi og omsorg for å hjelpe mentalt, spirituelle og fysisk sjuke menneskjer. Ho har jobba for tobyen i over 50 år. Dei siste 5 åra har ho også budd i tobyen for å jobbe døgnet rundt. Dette vil ho gjere resten av livet sitt mest sannsynleg. Lønna er lite å leve av, men ho gjer jobben sin ut av kjærleik for å hjelpe dei sjuke.
Del Facebook Twitter E-post

Eg har fått besøkje Filadelfia, som er ein toby i byen Manakara. Med meg har eg ein ven som oversett frå gassisk til engelsk for meg mens hyrdane og dei sjuke fortel om livet i tobyen. Det finnes to typar tobyer i Madagaskar, og Filadelfia er ein av dei relativt små tobyane. I dag er det 20 hyrdar som jobbar her kvar dag for å ta vare på 11 sjuke. Desse pasientane har ikkje klart å bli friske av blant anna medisinsk hjelp. Hyrdane ber, gir sin kjærleik, lagar mat og lærar dei sjuke for eksempel å sy eller å dyrke grønsaker om dei er friske nokk til det. Demonutdrivelser skjer 3 gonger i veka. Pårørande kjem ofte for å bu i lag med den sjuke og støtte.

Ein skule, ei sjukestue og andre institusjonar i nærområdet hjelper til med å forbetre helsa til pasientane i tobyen. Det er knapt med ressursar og pengar å forholde seg til, men her er dei flinke til å utnytte det dei har. Ikkje minst er naboane i området og andre i byen gåvmilde og til stor hjelp. Dei kjem blant anna og delar ut eller låner bort klede og kjøkkenutstyr til dei sjuke og hyrdane.

Deling av materielle ting, kunnskap, mentale og spirituelle band har gjort at mange menneskjer som ikkje kan bli friske av medisinsk hjelp og stått utan håp har blitt friske og fått eit fellesskap her.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp