Tilbake til nms.no Connect Madagaskar
Meny
Foto: Felles måltider er ein av mange måter å bruke tid saman på. Då prates det om kva ein har gjort og lært i løpet av dagen. Last ned

Tid til kvarandre

Del Facebook Twitter E-post

Tid er ein av dei fire T-ane som NMS fokuserer på. Ved å bruke tid saman skapar ein fellesskap. Det er nettopp dette menneskjene er skapt for. Me er sosiale skapningar, som har behov for fellesskap med personlege relasjonar til kvarandre. Her i Vohipeno er folk flinke til å utnytte tida dei har saman i mange ulike samanhengar.

Eg bur på ein internatskule her i Vohipeno, og har observert og deltatt i måten elevane brukar tid saman ut dagen. Mykje av opplegget her er lagt opp for å vere i lag , som felles måltider, bønnemøter og praktisk arbeid i store grupper. Tillegg er elevane engasjerte og ivrige til å finne på ting saman utanom det som er obligatorisk. Blant anna er mange glad i å bruke tida på sosiale aktivitetar som fotball, basketball, brettspel og kor.

Skuleområdet har ikkje tilgang til internett. Openbart gjer dette at folk vil finne på ting i staden for å fylle tomrom på sosiale medier, som svært mange andre gjer i dag. Sjølv får eg erfart kor mykje meir tid eg har til overs når eg ikk je har internett. Ein får levd i augeblikket og lengtar meir etter å vere saman med folk.

Her i Vohipeno brukar me ikkje berre tid saman gjennom arrangerte aktivitetar. Det er mange elevar og ansatte her, som bur tett oppi kvarandre. Matlaging, vasking og andre liknande oppgåver står elevane for sjølv. Det er ikkje tilgang på mekaniske hjelpemiddler, som gjer at dette tar mykje tid. Men, gjennom desse oppgåvene får elevane bli godt kjent saman. Blant anna lagar dei mat og vaskar kleda saman i grupper, mens dei småpratar og delar morosame og personlege historier.

Å bringe tid saman er viktig for å styrke fellesskap og relasjonar, og kan gjere livet lettare og rikare. Eg er glad for å få bu her i Vohipeno og få bli ein del av dette fellesskapet kvar ein er saman til ein kvar tid.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp