Vindu mot verda i 180 år
«Jesu navns forherligelse er det øiemed denne har sat sig, det eneste øiemed den har. I dette velsignede navn begynder den derfor sit løb, og ene og alene i dette navn vil den fortsette og fuldende det.»
Slik lyder Andreas Hauges høgtidlege ord i den aller første utgåva av Norsk Missionstidende, juni 1845 i Trondheim. Om vi hadde spurt Andreas, sonen til Hans Nielsen Hauge, om kvifor han tok pennen fatt, er det kanskje dette han ville svart.
Dette er historia til Norsk Missionstidende, Missionstidende, Norsk Misjonstidende, Misjonstidende (MT) i altfor korte trekk. Det er ikkje plass til å skildre alt det har møtt, sett og høyrt gjennom 180 år. Kongen, keisaren, popstjerner og misjonærar har kome, pryda framsida og gått. MT har vore alt frå teksttunge referat til på grensa til nesten-tabloid. MT har vore innom kjendisstoff og sensasjonar, men også debattar og djupe misjonsfaglege refleksjonar. Det har vore tørt, men også nyskapande. Politisk ukorrekt, men óg nyansert. Det var det mest leste bladet i Noreg på eit tidspunkt. Til og med Arne Garborg har bladd i MT, og som han seier i Knudaheibrev: «Då fekk eg greide på mangt». MT har vore mykje, men alltid utfordra oss på å løfte blikket.
Banebrytande journalistikk om ei ukjend verd
Allereie i 1841 byrja nokre av NMS-pionérane å sende ut «Maanedsskrift for Misjonsvenner» til Noregs krinkelkrokar, der misjonsgnisten låg latent. Det vart som bensin på eit allereie brennande bål som førte til ei landsomfattande og livskraftig rørsle. NMS vart stifta året etter, 1842.
Då den 30 år gamle teologen Andreas Hauge skriv sitt første MT i Trondheim i 1845, jobbar han gratis, på eigen økonomiske risiko. Over 2000 nordmenn betalar gladeleg 60 skilling for 12 utgåver i året. Overskotet går til NMS.
PIONÉR: Teolog Andreas Hauge starta Norsk Missionstidende i 1845. Foto: Misjons- og diakoniarkivet
«Saa nær den end ligger os, kjende vi saare lidt til den, sa saa godt som kun dens Kyster hidtil ere befarne», skriv Hauge i 1846.
Han gir plass til lange brev frå den første NMS-misjonæren Hans P. S. Schreuder i Sør-Afrika. No kan norske bønder i grisgrendte strøk bli med til Zululand og følgje arbeidet «minutt for minutt». Dette er banebrytande av fleire grunnar. For dette er før David Livingstone reiste til Afrika. Og ikkje før i 1860 får skuleelevar geografi og historie på timeplanen. MT trykker verdskart, mest sannsynleg dei første i sitt slag som kjem allmennheita for auge. Lange forklaringar om korleis kart skal lesast, vitnar om det. Dessutan har avislesing stort sett vore noko overklassa dreiv med.
Solid, sakleg og noko tørt
I 1850 blir Hauge NMS sin første generalsekretær og flyttar til Stavanger. Han legg MT vederlagsfritt i NMS sine hender. No er bladet offisielt eit NMS-organ og ei heilt uunnverleg brevdue for informasjon, inspirasjon og innsikt i misjonsmarka.
I MT si jubileumsutgåve i høve 100-årsdagen skildrast dei første redaktørane. Peder Blessing med den personlege og følsame pennen. Christian Dons, den logiske og informative som stadig blir sitert i hovudstadspressa med sine misjonsteoretiske artiklar som karakteriserast som noko av det beste i sin art i norsk litteratur. Så kjem Christian Knudsen med den nesten munnlege tonen. Gjerløw endrar format og forkortar namnet. Lars Dahle, ein fengande skribent, er redaktør frå 1889 til 1920.
I mine utrente auge er dei første 80 åra ganske like. Ein litteraturvitar ville kanskje protestert. Ser eg ikkje nyansane og utviklinga? Men noko «klikkmagnet» var det ikkje. Bladet hadde kanskje trengt litt «female touch».
Den mystiske Margrethe
Midt i 1880-åra byrja Noregs svar på Francine Rivers å gi ut ei rekke kristne skjønnlitterære bøker, noko det var lite av i Noreg på denne tida. Kven var kvinna bak pseudonymet «Margrethe»? Jo, ei engasjert foreiningskvinne i NMS. Bolette Margrethe Gjør skildrar vekkinga i Norge frå sitt perspektiv. I 1884 startar ho «Missionslæsning for kvindeforeninger», eit bilag i MT. Dette har ho ansvar for i 20 år, heilt til sin død. I alle åra som redaktør brukar ho pseudonymet «En ældre Missionsvenninde», for det vart for radikalt at ei kvinne skulle vere redaktør for eit offentleg misjonsblad.
John Nome skriv i boka «Det norske misjonsselskaps historie i 100 år» at Bolette hadde ein «lett penn og forstod å skildre en åndelig bevegelse i dens karakteristiske farger (…) og med en viss romantiserende følsomhet. Det er ungpikens svermeri med all hennes gjærende lengsel vi møter. (…) det er et godt tidsbilde fra de bevegede femtiår, da man i store kretser av folket for alvor begynte å interessere seg for «det ene fornødne».
Madagaskar-ekspertar i kvar ei grend
Opplaget aukar. Folk les høgt frå «tidenden» i foreiningane, slik nokon framleis gjer i dag. I 1873 har Morgenbladet, den viktigaste landsdekkande avisa, litt over 2000 abonnentar. Aftenposten har 500. MT, derimot, har 6500 og skal fortsette å stige. Ikkje nok med at bladet formidlar kunnskap om ukjende kulturar inn i folks stover. MT gir taletid til afrikanarar som elles får lite spalteplass. Lesarane får eit nærmast familiært forhold til gassarar og zuluar og opnar sine slunkne lommebøker igjen og igjen. Aldri før har det vore så sterke band mellom det norske og det gassiske folk.
Modernisering og opplagsauke
NMS har hatt barneblad sidan 1896. I 1900 kjem ungdomsbladet «Kamp og seier». Kvar veke kan snart 13 000 ungdommar lese spennande thrillerar frå misjonsmarka, men frå 1925 fører tronge tider til at også NMS må spare inn. Ungdomsbladet, kvinnelesinga og MT slås saman og skal no fenge alle grupper. Dessutan skal bladet moderniserast. Etter å ha vore innom fleire møte, komitear og konferansar, blir eit nytt MT presentert på generalforsamlinga i 1924. Det fell i god jord, også hos lesarane, for no skal tingartala auke og auke heilt til det når sin topp i 1945.
Men, først skal alt bli snudd på hovudet.
Kampen mot det skrevne ord
«Jeg meddeler Dem herved at bladet nektes å komme ut inntil videre. Heil og sæl.»
Eit kort brev frå NS-presseleiaren hamnar på redaktør Johannes Skauges bord i Asylgata i Stavanger 13. august 1942. Nazistane ser det skrivne ord som truande. 100 år gamle NMS er den største misjonsorganisasjonen i Norge på denne tida, og MT når mange.
Generalsekretær Einar Amdahl mistenker at det er NS-biskop i Stavanger, Ole Johan Berntsen Kvasnes, som har tipsa. Han sat tidlegare i NMS sitt hovudstyre, men vart kasta ut på grunn av meiningane sine. No er han NS-biskop, nedsett av Quisling-regjeringa. Han vart ikkje invitert til 100-årsjubileet nokre dagar tidlegare. Er dette ein hemn?
NS reagerer mellom anna på ein leiarartikkel som nemner dei vanskane krigen ber med seg av rasjonering, blendingsgardiner og praktisk omlegging av arbeidet, men som også seier at «arbeidet likevel må gå sin gang». MT gir dessutan spalteplass til prestar som er i okkupantane sitt søkelys.
NMS protesterer og får halde fram nokre månadar seinare. Men NS-presseleiaren legg til at han vil «henstille til Dem å kunne behandle rent kristelige emner, og ikke på noen måte drive fordekt propaganda.»
I byrjinga av 1943 sender NS-presseleiaren brev til pressedirektoratet. Etter å ha konferert med både NS-biskop Kvasnes og misjonspresten Adolf Thunem, vil han stanse MT og barnebladet fordi «det gjennom disse bladene spredes en åndelig gift». 8. juli 1944 blir det siste nummeret før frigjeringa.
OPPRYDDING: Første arbeidsdag etter frigjeringa er tilsette og frivillige på plass for å rydde opp etter dei som hadde lokala i Asylgata under krigen. Faksimile: Norsk Misjonstidende 17.mai 1945
NS-inngrepet
19. mai 1944 blir funksjonærar og hovudstyremedlemmar i NMS forhøyrt og protokollar beslaglagt. Har selskapet ytt økonomisk støtte til streikande prestar? Gitt parole om negative haldningar overfor nyordninga? Og kva retningslinjer blir følgt når ein vel skribentar til MT?
3. juni blir generalsekretær Amdahl fengsla for stats- og folkefiendtleg arbeid i fire år. Han skal mellom anna ha forsøkt å aktivisere kyrkjefronten. Ein månad seinare blir også hovudstyreleiar Kornelius Olsen Kornelius fengsla. Begge kjem til Berg interneringsleir 6. juli og sit fengsla til 8. mai 1945.
Same dag som Amdahl og Kornelius kjem til Berg, har nazi-myndigheitene ei lang avhandling i landets aviser. I fleire år har NMS ikkje følgt sine grunnreglar, men heller vore engasjert i ulovleg verksemd, hevdar dei. Dei skal ha funne illegalt materiale, dokument, skriv og «verre ting som ikkje kan nemnast her». No vil dei «ivareta NMS» ved å sette inn NS-biskop Kvasnes som formann i hovudstyret og løyse alle dei andre medlemmane frå sine verv. Misjonsprest Thunem blir ny generalsekretær. Det blir store protestar frå grasrota. Ingen vil jobbe under den nye leiinga. Det dannast eit hemmeleg styre som går under jorda. Det midlertidige styret prøver å ta over MT utan å lukkast.
Frigjeringa
Då fridomen kom, heiv redaksjonen seg rundt for å få ut MT på nasjonaldagen. I den første leiarartikkelen på fleire månadar skriv redaksjonssekretær Kåre Gilje:
«Nå, kjære misjonsvenner, er tiden kommet da vi skal få ut vårt kjære gamle Misjonstidende igjen. Vi har arbeidet natt og dag for at det skulle komme ut så tidlig som mulig. (…) Det har vært litt tregt å få hjulene i gang etter at de har stått så lenge. En del av kontorpersonalet er enda ikke kommet tilbake, og noen av kontorene er i et eneste rot. (…) Men vi synes det er en fest å komme i ordentlig arbeid igjen. Snart skal vi vel flytte inn i vår gamle kontorbygning. Når dette skrives, står den tom, men den krever en grundig utrensking og reparasjon. Vi arbeider for full damp for å komme tilbake til ordnede arbeidsforhold».
Då Amdahl, Kornelius og dei mange andre fangane slepp fri, blir dei møtt av 15 000 jublande menneske på stasjonen. Men MT vier også plass til å heidre dei som aldri kom:
«De som bukket under i fengsler, tukthus, konsentrasjonsleirer. De som ble stilt opp foran muren. Skuddene hørtes, de falt. Ingen fikk begrave dem. (…) De er falt i kampen for folk og fedreland. Ikke på ærens slagmark. Men for bødlers harde hånd. Fangene som ikke vendte heim! Vi takker dere! Vi ærer dere! Vi lyser fred over eders minne!»
Allereie første ordinære arbeidsdag er generalsekretær Amdahl på veg til Asylgata for å fortsette der han slapp. Vi kan berre tenke oss stemninga under det første styremøte der Thunem må gi frå seg stafettpinnen. NS-biskop Kvasnes si sak i landssvikoppgjeret kjem aldri opp grunna sjukdom. Han dør i 1953. Adolf Thunem, generalsekretæren, blir utfrosen av NMS.
FRIDOMSUTGÅVA: Kongen pryda framsida då MT kom ut 17.mai 1945 etter å ha vore forbode sidan juli 1944. Foto: Misjons- og diakoniarkivet
STORDOMSTID framfor åreforkalking
MT feirar sine 100 år i 1942 med eit rekordstort opplag på 40 000. «Så åreforkalkning merkes det ikke noe til», står det i julenummeret 1945.
«Bladet er nå misjonssakens betydeligste talsmann i vårt selskap og det rikeste, mest givende bindeledd mellom misjonen i heimlandet og på misjonsmarkene», skriv generalsekretær Amdahl.
Frå 80-talet byrjar ein jamn tilbakegang. I 1988 er opplaget 26 000. Men, MT er langt i frå det einaste NMS har distribuert. I 1896 fekk NMS eit barneblad som i 1946 skifta namn til «Kom og Se» og hadde rundt 24 000 abonnentar på 50-talet. I 1988 vart barnebladet til Salto, eit samarbeidsprosjekt mellom fleire organisasjonar. I 1949 kom ungdomsbladet Ny Horisont som hadde 20 000 abonnentar på 80-talet. NMS hadde også godt besøkte misjonsutstillingar over heile landet, der også kongefamilien kom. Organisasjonen var dessutan tidleg ute med filmproduksjon. Allereie i 1946 ga dei ut misjonsfilmar som vart sett av mange. «Misjonsselskapets nye film går foran de fleste dokumentarfilmer som er laget her til lands», slår Stavanger Aftenblad fast etter ei filmpremiere i 1957. NMS-kretsane hadde nærradioar, og i 1966 var vart NMS nemnt i 10 norske aviser dagleg. På 80-talet produserte NMS ein populær NRK-serie. NMS ga ut bøker på sitt eige forlag, NOMI, og hadde eigne bokforretningar.
Framsidene som ikkje toler dagens lys
Frå 1883 og heilt fram til 1966 er det eitt motiv som går igjen på framsidene: Ein familie på ei strand som i desperasjon strekk seg mot eit misjonsskip, «den reddande engelen». I 1883 er dette ei radikal endring etter 38 år med berre tekst på framsidene. Endringa skjer ikkje på grunn av «forfængelighed eller pyntesyge», men heller eit «stille haab om at det [MT] i sin nye skikkelse maaske kunde have lettere for at vinde nye venner», slår redaktøren fast i MT 1 1883 og legg til at «bildet udtrykker Hedningemissionens Hovedopgaver, Formaal og Virkninger». Framsida viser også korleis MT og heile NMS har endra seg opp gjennom. Frå einvegs- til tovegsmisjon. I dag handlar misjon om «eit stort vi», eit samarbeid på tvers av landegrenser. Skuta går på kryss og tvers, og mannskapet er folk frå alle kulturar. Likevel står Hauges ord seg. «Jesu navns forherligelse» er ei drivkraft MT-redaksjonen har også i 2025.
HISTORIE: På misjons- og diakoniarkivet ligg heile MTs historie. Her er bilete til kunstnar Hans G. Sørensen, eit motiv som pryda framsidene frå 1892 til 1966. Foto: Helene Reite Uglem
FRAMSIDE: Her er ei MT-framside frå 1892. Faksimile: Misjons- og diakoniarkivet
Kjelder: Tidlegare MT-utgåver og bilete kjem frå Misjons- og diakoniarkivet. Andre kjelder er Nasjonalbiblioteket, Store norske leksikon, boka I tro og tjeneste (Torstein Jørgensen), NMS 1842-1942 (John Nome) og Wikipedia.