Misjonstidende

Takk – den stille revolusjonen

Bildet viser barn stående i en sirkel med hendene sine inn mot midten. Nederst til høyre er det et innfelt bilde av Trond Hjorteland

Skrevet av:
Trond Hjorteland
Publisert:
22.1.2026

Kor ofte takkar me for det som verkeleg har verdi i livet?

Det er rart med oss nordmenn. Me takkar gjerne for maten, me takkar «for sist» og me takkar villig vekk for lånet av snøfresaren. Men kor ofte takkar me for det som verkeleg har verdi i livet? Me lever i ei tid der «meir» er mantraet: Meir fart, meir skjerm, meir valfridom. Midt i alt dette kan takk kjennast som ein unødig og dvelande parentes – i beste fall ein høfleg gest. Men kanskje er takk den mest radikale handlinga me kan gjera i 2026?

For kva skjer når me stoppar opp og ser det me har? Når me takkar for det som ikkje kan kjøpast på sal etter jul. Når me takkar for vennskap, fellesskap, helse, tru og håp? Kanskje skjer det noko då. Kanskje blir me mindre opptatt av å samanlikna oss med andre og meir opptatt av å dela det me har? Kan det å takka vera ein stille revolusjon, som startar med oss sjølve?

Misjonsarbeidet minner oss om dette kvar dag. I Etiopia takkar ein kyrkjelyd for reint vatn, medan me i Norge takkar for at kaffimaskina har Bluetooth. På Madagaskar deler folk det vesle dei har – og opplever at under skjer. Å vera takknemleg, er ikkje å vera naiv. Takksemd er motstand mot håpløyse. Når me ser verda gjennom takk, ser me også våre eigne liv på ein annleis måte. Me ser det me har fått, og me ser at det ikkje er ein sjølvfølge. Å takka er kanskje den aller beste drivkrafta me har til å kjempa mot urett, utrydda fattigdom og dela trua me har fått.

Og ja, me kan godt unna oss å le litt av oss sjølve undervegs. Me som blir opprørte når internettet fell ut, eller blir lange i maska når det er tomt for ketchup i kjøleskapet. For i vår velstand er det ikkje så lett å fatta den sterke gleda andre menneska har når ungane «bare» får gå på skule eller når dei «bare» får eta seg mette kvar dag.

Takk er ikkje bare ord – det er ei aktiv handling. Det er eigentleg slik misjons-arbeidet vårt blir til: Gjennom små steg av takk som blir store steg av endring. Så lat oss starta året med å gjere takk til ein vane. For når me takkar, koplar me på han som er vår oppdragsgivar, han som vil at me skal bidra til ei levande kyrkje over heile jorda. Finst det eigentleg eit meir meiningsfylt oppdrag? Kanskje verd ein takk, det også.

Del dette innlegget

Skrevet av:

Trond Hjorteland
Avdelingsleder