Strikkehelg på Kjeldsund, for glade strikkarar i alle aldrar!

30. oktober - 1. november, strikkehelg for alle som er glad i strikking og hekling, samtidig som ein kan vere sosial og ha tid for dei gode samtalane.
Denne siste helga i oktober, som også er allehelgens helga,inviterer vi til triveleg lag på Kjeldsund. Du kan sjølv bestemme om du vil ha einerom, dele rom eller sove heime.
På laurdagen kan du gjere deg gode kjøp frå fleire aktørar. Studio Lun har vore med kvart år, og vil presentere litt av haustens nyhende og har med fleire gode tilbod. Elisabeth frå Hettestrikk er sjølv forhindra frå å vere med, men sender med litt av butikken sin. Her kan du knipe i eksklusiv, handfarga tråd og kanskje kjøpe med deg noko spanande heim? Cecilie frå"Bergfruas" lapper har fleire fine ting, i tillegg til dei populære strikkemappene. All inntekt av hennar sal, går til NMS. Cecilie Leinebø Thomas lagar knappar, øyredobbar og smykker og har med litt av dette for salg.
Cecilie L Thomas vil også dele litt frå sin kvardag i gravferdsbyrå, når vil aurdagskvelden har litt fokus på sorg i song og samtale.
Søndag formiddag vil ho snakke litt om misjonsarbeidet på Madagaskar. Ho vaks opp der, og i vaksen alder var ho tilbake og arbeidde nokre år i omsettingsprosjekt.
Meir info og påmelding i linken.
https://nms.no/arrangement/strikkehelg-pa-kjeldsund

Pris for heile helga inkl. måltid og oppreidd seng: kr.2450,- (einerom kr. 2750,-)
- For meir info: Barbro Landmark tlf./SMS 920 90 174

PROGRAM
Fredag
Kl.18:30 Registrering
Kl.19:00 Kveldsmat med informasjon og myldring
kl.20:30 Strikke og peiskos –
eller strikk til film på blårommet
kl.22:30 Kveldsavslutning rundt gitaren
Laurdag
08:00-09:30 Flexi Frukost
09:15 Dagens dikt og gode ord
Turi nærområdet for dei som har lyst til det 😊
11:00 Presentasjon med ulike innspel frå butikkar/hobby.
- Med bl.a. Studio Lun og «småting/tilbehør/smykker» frå Cecilie Leinebø Thomas
- I år kjem også Bergfruas Lapper på besøk som har eigen nettbutikk med salg av heimesydde varer. All inntekt går uavkorta til NMS!
13:00 Lunsj
14:00 Kjøp, sal, mingling og strikkeglede! Evt. luftetur for dei som vil ut i naturen.
15:30 Kaffi, kaker, frukt tilgjengeleg
19:00 Festmiddag– kylling og mangogryte
Kaker og kaffi.
20:00 Sosial kveld med ulikt program;
- Sidan det er Alle Helgens helg snakkar vi litt om sorg, og kanskje kan vi dele ulike erfaringar?
Cecilie Leinebø Thomas jobbar i gravferdsbyrå og deler nokre tankar med oss kring tema
Søndag
08:30-09:30 Flexi Frukost
09:15 Dagens dikt og gode ord
10:30 Strikk og prat. Innspel frå NMS arbeidet, med utsyn til prosjekt frå «ei anna verd»
Cecilie L Thomas har vakse opp på Madagaskar og var tilbake der i vaksen alder saman med familien og jobba med oversetting, og vil fortelje litt om dette
12:00 Lunsj og avslutning
Avslutning og takk for seg!
Vi gler oss til å møte deg!
Helsing komiteen; Lena, Ruth-Linda og Barbro


Skrevet av:


