Strikkehelg på Kjeldsund, for glade strikkarar i alle aldrar!
Strikkehelg på Kjeldsund

Siste helga i oktober, som går over i november, og også er Alle Helgens helga, inviterer vi til koseleg strikkehelg med tema til ettertanke.
Vi ser for oss fyr på peisen og god tid til småprat og input frå nokon som har erfaring og kunnskap om ulike tema.
Cecilie Leinebø Thomas arbeider i dag i gravferdsbyrå og vil snakke litt om død og sorg på laurdagskvelden. Ho vaks opp på Madagaskar som yngst av tre søstre i misjonærfamilie. I vaksen alder var ho tilbake med eiga familie og jobba i ulike oversettingsprosjekt. Dette vil ho dele litt av med oss. Som om ikkje det var nok; ho er ivrige med ulike hobbysaker, og vil ha med seg smykker og strikketilbehør ting for salg.
Som vanleg kjem strikkebutikken "Studio Lun" med siste nytt og gode tilbod til glade strikkarar!
I år kjem også Bergfruas Lapper på besøk som har eigen nettbutikk med salg av heimesydde varer. All inntekt går uavkorta til NMS!
- Pris for heile helga inkl. måltid og oppreidd seng: kr.2450,- (einerom kr. 2750,-)
- For meir info: Barbro Landmark tlf./SMS 920 90 174
Program:
Fredag
Kl.18:30 Registrering
Kl.19:00 Kveldsmatmed informasjon og myldring
kl.20:30 Strikke ogpeiskos –
el.strikk til film påblåromet
kl.22:30 Kveldsavslutning rundt gitaren
Laurdag
08:00-09:30 Flexi Frukost
09:15 Dagensdikt og gode ord
Turi nærområdet for dei som har lyst til det 😊
11:00 Presentasjon medulike innspel frå butikkar/hobby.
- Med bl.a. Studio Lun og «småting/tilbehør/smykker»frå Cecilie Leinebø Thomas
- I år kjem også Bergfruas Lapper på besøk som har eigen nettbutikk medsalg av heimesydde varer. All inntekt går uavkorta til NMS!
13:00 Lunsj
14:00 Kjøp, sal, mingling og strikkeglede! Ev.lufteturfor dei som vil ut i naturen.
15:30 Kaffi,kaker, frukt tilgjengeleg
19:00 Festmiddag– kylling og mangogryte
Kaker og kaffi.
20:00 Sosial kveld med ulikt program;
- Sidan det er Alle Helgens helg snakkar vi litt om sorg, og kanskje kan vi dele ulike erfaringar?
Cecilie Leinebø Thomas jobbar i gravferdsbyrå og deler nokre tankar med oss kring tema
Søndag
08:30-09:30 Flexi Frukost
09:15 Dagens dikt og gode ord
10:30 Strikk og prat. Innspel frå NMS arbeidet, med utsyn til prosjekt frå «ei anna verd»
Cecilie L Thomas har vakse opp på Madagaskar og var tilbake der i vaksen alder saman med familien og jobba med oversetting, og vil fortelje litt om dette
12:00 Lunsj og avslutning
Avslutning og takk for seg!
Vi gler oss til å møte deg!
Helsing komiteen; Lena, Ruth-Linda og Barbro



