Kvinner hjelper kvinner

TRAUMEBEHANDLING: Sahar Tabet jobber i traumeprogrammet ved Anafora i ørkenen mellom Kairo og Alexandria.
Fotograf:
Anders Emil Kaldhol
I den egyptiske ørkenen driv den koptiske kyrkja retreatsenteret Anafora. Ved dette senteret kan mellom anna kvinner kome for å få traumebehandling og hjelp til vegen vidare.
– Før var eg svært sjenert, eg snakka ikkje med nokon. No underviser eg andre. Eg har sjølvtillit. Eg føler at eg er ein verdifull person.
Søster Marina underviser på traumeprogrammet ved Anafora i Egypt. Som mange av kvinnene på kurset, kunne ho ha dårleg sjølvbilde og føle seg verdilaus før ho deltok i programmet. No er ho ein av leiarane og undervisarane.
Psykisk helse
Det er mange egyptiske kvinner som får krenkande opplevingar frå familie, slekt og naboar. Søster Marina fortel at det er mykje skam og tabu rundt psykisk helse:
– Ingen snakkar om at dei har det vanskeleg eller har opplevd noko. Om vi har fysiske plager, går vi til legen, men når det gjeld psykiske utfordringar, anerkjenner vi det ofte ikkje, sjølv om det eigentleg er det viktigaste.

Ein oase
Anafora er ein frodig oase i den egyptiske ørkenen mellom Kairo og Alexandria. I mange år har den koptiske kyrkja invitert egyptiske kvinner hit for traumebehandling. Dei får påfyll og hjelp til å kome seg vidare.
Ein av dei andre som jobbar med dette, er Sahar Thabet. Ho deltok sjølv på eit av dei første kursa ved retreatsenteret og har allereie jobba som koordinator på programmet i mange år.
– Vi rekrutterer jenter og tek dei med hit til Anafora, der dei deltek på kurs. Når dei har reist tilbake til landsbyen, følgjer vi dei opp – til dømes for å sjå om det er skjedd endringar eller om nokon har fått nye problem.
Sahar fortel at dei ofte har fleire som ynskjer å delta enn dei har rom for å ta inn. Då må dei prioritere.
– Jenter som ikkje har vore med før får prioritet, og også dei vi veit har kritiske utfordringar i familien.

Kjønn ikkje avgjerande
Traumeprosjektet på Anafora handlar om kvinner som hjelper kvinner. Passande nok har ho på seg ein genser med påskrifta Femme power – «kvinnekraft» denne dagen.
Det er eigentleg ikkje kjønn som er avgjerande, men at dei er medmenneske som har opplevd noko av det same som kvinnene som kjem for å delta på traumeprogrammet har.
– Det som påverkar jentene mest, og som dei likar best, er når vi deler erfaringar vi sjølv har vore gjennom, fortel Sahar, som sjølv har fullført utdanning og utvikla seg som person ved hjelp av programmet.
Traumeprogrammet på Anafora går føre seg over ei veke. På timeplanen er det bibelundervisning, stilletid, besøk av psykologar, legar og andre ekspertar – men også opplæring i fysisk arbeid. Det kan vere keramikk, veving, strikking, opplæring i dyrking eller å lage smykker eller armband.
På den måten kan kvinnene, når dei kjem tilbake til sin landsby, vere betre rusta til å klare kvardagen. Ved å lære seg eit handverk, kan dei lage produkt som dei kan selje og tene pengar til mat og klede.
– Vi vil vise jentene at det er mogeleg å fullføre utdanning, starte eit prosjekt eller kome seg ut av den spiralen dei opplever seg fast i, seier Sahar.
Endring i lokalsamfunnet
Biskop Thomas er den som grunnla Anafora på slutten av 90-talet og er framleis biskop i bispedømmet der senteret ligg.
Ein av visjonane med senteret er å sjå enkeltmenneske og løfte dei opp. Biskopen håpar at kvinnene blir aktive bidragsytarar i lokalsamfunna i Egypt.
– Leiarar som har erfaring frå livet gjer det betre enn dei som kjem «ovanfrå».
Og etter meir enn ti år med traumeprogram, ser han effektane av programmet:
– Eg ser ei endring i lokalmiljøa i landsbyane, der fleire kvinner no startar opp eigne ting, fortel biskop Thomas.


