Første heimreise og perspektiv frå våren 2026

Nyttårsgudsteneste i Wakayama kyrkjelyd
Fotograf:
Mila Slettebø
Opphaldet i Japan vert sett i perspektiv når første heimreise til Noreg nærmar seg.
Nå nærmar det seg generalforsamling for NMS i Noreg, og vi skal med det gjennomføre vår første heimreise sidan vi busette oss i Japan 21. Januar 2025. Det er ei rar kjensle vi sit og kjenner på, nå når vi skal heim til det som forhåpentleg framleis er kjent og kjært. Verda har gått vidare, spesielt for sonen vår på 2 år som berre var 11 månader då vi flytta frå Noreg. Korleis kjem hans første «bevisste» møte med foreldera sitt heimland til å verta? For det er jo faktisk slik det er. For sonen vår er Japan det landet han kjenner best.

Det at vi nå skal reise til NMS Sommerfest & Generalforsamling i Bergen setter livet i perspektiv. Det er på ein måte eit nytt kapittel i vår historie her i Japan. Dette gjev oss rom til å tenke tilbake på alt som har vore og det som har hendt. Progresjonen har vore stor, og kjensleregisteret er breidt. Lat oss dele nokre av dei mest spesielle stundene.
Gravferd på japansk vis
For kristne er julefeiringa ei av dei største høgtidene vi feirar i løpet av året. Her i Japan er jul ein marknadsføringskampanje som fører fram mot høgdepunktet i året, nemleg nyttår.
Nyttår er den største og viktigaste høgtida, og den bærer preg av at det gamle tar slutt og at det nye skal starte. Difor vert dei fleste japanarane opptekne av å rette opp i alle feil og ordne opp i alt uoppgjort før det 118 klokkeslaget (Det siste slaget slås rett over midnatt ved årsskifte). Nyttårsfeiringa vart for oss farga i kontraster, då vi vart invitert til å ta del i vår første japanske gravferd den 3. januar. Ein gammal prest frå partnarkyrkja vår her i Japan hadde gått ut av historia nokon dagar før nyttår, og familien ønskte oss velkommen til å ta del som om vi var ein del av slekta.

Gravferd i Japan er ganske annleis det vi kjenner frå Noreg. Gravferda kan ta opp til ei veke, og det er kyrkja som tek vare på kroppen under alle dei ulike seremoniane som skal gjennomførast. Det heile startar med ein seremoni der kroppen vert overført frå båre til kiste, og vert avslutta på krematorium dert utvalde bein-fragmenter vert tekne vare på i ei urne. Det var ei sterk oppleving å få dele denne stunda saman med familien til avdøde. Samstundes som den veldig fysiske og nære handsaminga av kroppen gav eit nytt perspektiv på sorgbehandling.
Første framføring på Japansk
Den 25. januar var vi på besøk i kyrkjelyden vi skal gjera teneste i, Nishinara. Vi var særskilt inviterte til gudsteneste denne dagen, og Jone hadde blitt utfordra til å ha vitnesbyrd. Invitasjonen kom i god tid, og bestillinga var å ha det heile på engelsk med tolking til Japansk. Men Guds ande hadde andre planar, og eit augeblikk av inspirasjon førte til at vitnesbyrdet vart produsert på Japansk. Det heile vart ein milepæl og ei stadfesting på at tida på språkstudiet har gjeve god frukt.

Alderdom i Japan
Nabolaget vi bur i her i Japan er prega av manglande befolkningsvekst og ei kraftig eldrebølge som nå skylder over landet. Samstundes er støtteapparatet for dei eldre mangelfullt, noko som gjer at ein må klare seg sjølv i sin eigen heim så lenge ein makter det. Svært få hverken får eller ønsker tilbodet om eldreheim og andre slike tenester. Vi har brukt mykje tid i 2026 på møter og samtaler med eldre i krevjande situasjonar. Mange av dei har ikkje familie i nærleiken som kan hjelpe, og sjølv om ein ikkje alltid kan avhjelpe situasjonen så kjem ein langt ved å lytte til det våre medmennesker har på hjartet. Våre naboer over vegen er eit godt eksempel på dette, og som takk for medmenneskelegdom får vi i blant leveransar av fersk makrell på døra.

Utfordring til bønn:
Vi ønsker å utfordre til forbønn for dei eldre i Japan, då mange får store utfordringar når helsa svikter og ressursane ikkje lenger strekker til. Be gjerne om at Gud må vise oss vår neste i naud, og at fellesskap og hjelp ikkje må være vanskeleg å få.
Skrevet av:



