30 år med misjon i hjartet

Fotograf:
Laila Karin T. Helle
Etter 30 år i NMS går May Lisbeth Hovlid Aurdal av med pensjon.
I dette intervjuet ser ho tilbake på eit rikt arbeidsliv prega av møte med menneske over heile verda, eit sterkt engasjement for samarbeid mellom NMS og Den norske kyrkja, og tru på misjon som noko vi DELER saman. I løpet av desse åra har ho vore ein god formidlar og ein brubyggar mellom misjon og kyrkjelydar, og ei uredd stemme for at misjon fortsatt er relevant i vår tid. Vi takkar May Lisbeth for den store innsatsen hennar og ser tilbake på erfaringar, møte og refleksjonar frå tre tiår i misjonen.
– May Lisbeth, du har stått i misjonsarbeid i NMS i 30 år. Når du ser tilbake – kva er det første som slår deg?
– At arbeidet som misjonsorganisasjonar gjer er heilt annaleis enn det eg trudde då eg som kyrkjeleg arbeidar såg det frå utsida. Eg hadde inntrykk at det var litt verdsfjernt og kun snakk om «pengar» og eg starta med handbrekken på. Men fekk raskt erfare, gjennom å bli sendt fem veker til Madagaskar, at misjon var noko heilt anna og mykje meir enn eg hadde sett og tenkt.
– Først og fremst misjonærane sin måte å forhalde seg til dei lokale på. Kultursensitivitet, dialog, samtalar, tålmod. Dette overraska, og det vart til korreksjon for eigne tankar, noko eg tok med tilbake. Det var nyttig når eg vidare skulle inn i stabar, sokneråd og i møte med andre som kanskje har same forutintatte haldningar som eg hadde. Eg er so takknemleg for alt eg har fått lov og sjå og erfare frå ulike felt NMS jobbar på. Måten både misjonærar og lokale menneske eg har fått møtt har teke imot, delt og gitt vidare perspektiv på. Både på Madagaskar, Thailand, Laos, Brasil, Midtøsten, Estland, England og Frankrike. Ein langfredag på runde i ein tuk-tuk med nærkontakt med menneske gikk det sterkt opp for meg:
«Det de har gjort mot ein av mine minste, har de gjort mot meg seier Jesus, og det de ikkje har gjort mot ein av min minste, har de heller ikkje gjort mot meg.»
– Du har vore ein nøkkelperson i samarbeidet mellom NMS og Den norske kirke (Dnk). Kva har dette samarbeidet betydd?
– Då eg let meg velge inn i Dnk sine organ på ulike nivå, så hadde det ikkje noko med NMS-jobben min å gjere. Det var ei interesse eg hadde på «fritida». Det var bispedømeråd, kirkemøte og kirkeråd. KA, Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon, Norges Kristne Råd og Demokratiutval for Dnk, samt lokalt sokneråd. Sidan misjon etterkvart hadde «sive inn i ryggraden», så hadde eg sjølvsagt alltid den tanken med, og jakta på muligheitane inn i saker i desse fora. Eg vart kalla «misjonsdama» i mange av samanhengar, noko som eg tok som ei «ære».
– Når ein over mange år er med i Dnk sine ulike organ, er ein saman med flotte folk som ein samtalar og samhandlar med og deler liv, glede og utfordringar. Ein bygg relasjonar. Og når ein då møtes att på til dømes stand, konferansar, gudstenester og i andre samanhengar, vert vegen kortare, også til å dele misjonsutfordringar.
– Eg oppdaga etter ei stund, at det som for meg starta som noko på sida av jobben, vart til nytte i jobben. Det er mange av dei same menneske ein møter i ulike fora, – anten det er ein biskop eller prest ein har vore med å tilsette, – eller vi skal velge leiarar og deltakarar til ulike samanhengar.
– Å ta del i Dnk på ulike felt, og la seg velge kan gi nettverk og kjennskap som kan kome til nytte og stor glede, også som NMS-tilsette. Kan det være ei oppfordring til andre om å engasjere seg og stille til val?
– Dei siste åra har du jobba som mobiliseringsansvarleg for kyrkjelydar. Kva har det innebore?
– Det har innebore kontakt med Dnk på ulike nivå. Kyrkjelydar, bispedøme og sentralkyrkjelege råd og utval. Det har vore nyttig å sjølv ha vore tilsett i Dnk og kjent på kroppen kor tidkrevande det er å jobbe med til dømes 100 konfirmantar og mange ungdomar. Kor mykje som skal «prioriterast samtidig». Det er også nyttig å site i lokalt sokneråd, for betre å forstå andre som sit i sokneråd rundt om, når dei skal prøve å få sette misjon på agendaen i lokalkyrkjelydane.
– Vi kristne har mange oppgåver, men berre eitt oppdrag. Formidle evangeliet om Jesu nærver i handling og ord. Den norske kirke er ei vedkjennande, open, tenande og misjonerande folkekyrkje.
– Kva har du sett som skapar mest engasjement?
– Når enkeltpersonar og kyrkjelydar får informasjon til inspirasjon og får sjå kva livsforandrande arbeid dei er med på. Sjå kva betydning det har for enkeltmenneske i andre land. Det gir inspirasjon og engasjement. Herleg å høyre: «Det er jammen vits i dette vi er med på!»
– Eg gler meg over at det er auka gåver frå kyrkjelydar i Dnk dei siste åra, men endå bedre er det at ein kan sjå eit auka engasjement. Det betyr noko kunne samle tre-fire generasjonar saman med fokus på «vår menighet» sitt misjonsprosjekt til dømes i aksjonen «Sammen som kirke i hele verden»
– Kva har vore dei største endringane i misjonsarbeidet i løpet av dine 30 år?
– Det er færre tilsette no enn då eg starta i NMS, og difor må ein satse på fleire frivillige. Eg opplever at det er ei auka forståing for kor viktig frivilligheita er. Ikkje som «ekstrahjelp», men som ein berebjelke i misjonsarbeidet. Eit godt eksempel på det er Use Your Talents, som har lært oss at alle har gåver som trengst, og at misjon veks når menneske får bruke det dei har fått. Den tankegangen kom til oss frå Madagaskar, og har vist kor kraftfullt det er når lokalt engasjement får blomstre.
– Synes det er ei auka bevisstheit på at misjon ikkje er frå Vesten til resten, men frå alle stadar til alle stadar. Også auka fokus på at det ikkje er vi som er givarar og andre er mottakarar, men at det er gjensidig, at vi deler. Vi får mykje tilbake over landegrensene, på kryss og tvers, om enn på ulike måtar.
- Kva har gjort mest inntrykk på deg?
– Når dei som har minst, har delt av det dei har. Tid, liv og glede. Vi har mykje å lære frå menneske i andre land, mellom anna å ta seg tid til kvarandre.
– Opplevinga som sit djupt er mellom anna overnatting i gassisk leirhytte på jordgolv saman med mange, ris kokt på bålet i same rommet. Vatn bore lange vegar, for å gi oss å drikke og vaska føtene våre.
– Då eg i Midtøsten såg korleis samarbeidspartnarar jobba med fri-modigheit under vanskelege forhold, måtte eg spørre:
«Korleis kan dokke som lever under så harde kår, med alle restriksjonar, utfordringar, og hindringar, vere så konstruktive, klare, modige, positive?»
– Kanskje nettopp derfor var svaret eg fekk; «Vi må tenke konstruktivt, sjå åpningane, stå på og bruke dei muligheter vi har. Kanskje lettare å formidle biblar her enn i Norge fordi her er tørsten stor!»
– Tankefull drog er derifrå og tok det med meg! Eg har alltid kome meir berika heim frå ulike land og møter, fått med meg mykje meir enn det eg har bidrege med.
- Kva håper du NMS og kyrkjelydane vil ta med seg vidare?
– Å stå saman som kyrkje i heile verda. At det er kyrkja sitt hovudoppdrag, å dele, lokalt og globalt.
– Ved kvar einaste dåp lyde det: «Dette er "Maja",- Guds barn, døypt inn i vår kyrkjelyd og Kristi verdsvide kyrkje.»
– Eg ønsker at kvar prest og kyrkjelyd skal kjenne kor viktig det er at vi ser oss som ein del av den verdsvide kyrkje, og at vi alle har noko å dele med kvarandre. Vi må ikkje vere oss sjølve nok, vi må lære borna våre å dele.
Dette handlar om å være kyrkje. Leiar i kyrkjerådet, Harald Hegstad, seier:
«Uten misjon, ingen kirke. Kirken har ingen egen misjonsavdeling, derfor er samarbeidet med misjonsorganisasjonene helt nødvendig og vesentlig.»
– Dnk og NMS er ein parhest av dei sjeldne. Vi må sjå stort på muligheitane av samarbeidsavtalen mellom NMS og Dnk og alt det kan føre med seg, om vi er bevisste. Vi må alltid huske å stå sammen som kyrkje i heile verda.
- No går du inn i pensjonistlivet. Kva gler du deg mest til? Har du planar?
– Eg gler meg til oftare å kunne seie til vener og familie «Ja, det kan eg. Ja, eg har tid.» Få fleire ledige kveldar og helgar. Har planar om å vere endå meir ute i naturen. Frivillig arbeid er sjølvsagt, og eg vil fortsette å vere ein del av både kyrkja og NMS. Dette er ein viktig del av å leve og vere til, så de er nok ikkje kvitt meg. Vi møtast kanskje i møterom, kyrkjer eller på stand?
– Dersom du skulle oppsummere MISJON med eit ord, kva ville det ha vore?
– Dele, kjem det kjapt frå May Lisbeth
– Men, om eg kan tillate meg å bruke nokre fleire ord, vil eg gjerne sitere Rolf Ekenes som har kome opp med den mest konkrete og kvardagslege måten seie det på;
Misjon er å ha:
Guds ord i beina
Omsorg i hendene
Fredsbud i munnen
Nabo'n på kaffi
Verden i blikket
Ryggsekk i gangen
Jesus i hjartet



Skrevet av:


