Nyhet

Når fellesskap om misjon samlar oss

Kinda Alsaad, henna svigermor og Geir Sakseid

Fotograf:

Laila Karin Tusvik Helle

Skrevet av:
Laila Karin Tusvik Helle
Publisert:
28.9.2026

Kvelden hadde verkeleg noko for alle. Vi fekk oppdatert misjonsinformasjon, nyte ein deilig kveldsmat, delta på utlodning med flotte gevinstar og vere med på markeringa av jubilea til to av foreiningane våre; Fremad i Ålesund og Valderøy kvinneforening.

Eit av høgdepunkta var den flotte songen frå Volsdalen salme- og lovsangskor. Med Jorunn ved pianoet til allsongen, vart det også god felles sang i ein nesten fullsett sal.

Vi fekk også innblikk i situasjonen i Midtausten gjennom nyttig og tankevekkande informasjon frå Geir, og ikkje minst eit sterkt og personleg intervju med Kinda Alsaad frå Syria. Ho delte erfaringar som ga oss nye perspektiv og minna oss om kor tett knytt vi eigentleg er til menneske og hendingar langt utanfor våre eigne grenser.

Ein stor takk til alle som bidrog med mat, song, musikk,informasjon, gevinstar, praktisk hjelp og godt humør. Og takk til alle som møtte opp og gjorde kvelden til ei varm, inspirerande og minnerik samling!

Saman gjer vi ein forskjell. Saman forandrar vi verda!

Volsdalen salme- og lovsangskor‍‍
Kinda Alsaad, henna svigermor og Geir Sakseid
Sissel Vindvik frå Valderøy kvinneforening saman med Asbjørg Oksavik Sve som leia samlinga
Foreininga Fremad 50 år
Del dette innlegget
https://nms.no/nyhet/nar-fellesskap-om-misjon-samlar-oss

Skrevet av:

Laila Karin Tusvik Helle
Kontaktperson for menighet