Skulefjernsyn på ny kanal
Den nye kanalen SAT-7 Academy er eit steg nærare lansering etter at det internasjonale rådet godkjente planane på sitt møte i Beirut denne veka.
Sist oppdatert 30.03.2017
For å avhjelpa situasjonen med alle flyktningeborna som fell ut av skulen, starta SAT – 7 for fleire år sidan med skulefjernsyn på barnekanalen sin. Dette har blitt meir og meir utvida, og til hausten vonar dei å vera klar med ein eigen kanal med undervisning som fokus.
Studio i Beirut i Libanon inneheld klasserommet, og timane blir både kringkasta og lagt ut på YouTube. Dei er mao tilgjengelege for alle som har nett-tilgang, også våre arabisk talende barn i Norge!