Tilbake til nms.no Midtøstenblogg
Meny

Frå rettssal til kyrkja

Barsis Kelada har nyleg avslutta studia i teologi i Alexandria. Ho er jurist med doktorgrad, men har vore veldig engasjert i frivillig arbeid i kyrkja i tillegg til jobben sin. Så engasjert var ho at ho gav seg i veg med studiar i teologi.
Del Facebook Twitter E-post

Bildet viser advokaten Barsis KeladaNo vurderer ho å gå inn i menighetsarbeid på full tid, for det er så engasjerande, synest ho. I utgangspunktet var det ein fritidsaktivitet i tillegg til jobben, men ei venninne som såg kor engasjert ho var, utfordra henne til å vurdera studiar for å få djupare teologisk innsikt.

– Då eg fann ut at det gjekk an å ta teologi (Master of Arts and Theology) her i Alexandria, slo eg til, og det har vore utruleg lærerike år. Det begynte med små, kortare kurs, men no har eg fullført heile graden, fortel ho.

Og studia har hatt stor innverknad på tenesta hennar.

– No har eg verkeleg eit fundament og ei retning for det eg gjer. Før var det mykje synsing. Ikkje minst når eg forkynner kan eg gå djupare og bruka Bibelen meir direkte. Også for meg personleg har det betydd mykje, både i akademisk kompetanse og i det å vera kritisk og analytisk.

Besam bruker meir enn fem timar om dagen til å lesa og forska, fortalde ho i forkant av dei siste eksamenane. No er ho uteksaminert og har fått diplomet sitt, men engasjementet hennar tyder på at bibellesing og formidling av evangeliet vil stå sentralt i livet hennar vidare.

NMS støtter det teologiske seminaret i Kairo i deira arbeid for å gi folk i Alexandria eit studietilbod lokalt. Mykje av undervisninga skjer via skjermen, men på studiesenteret har dei både klasserom og eit lite bibliotek, så studentane møtest som oftast der, både for forelesingar og gruppearbeid.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp