Refleksjonar om konflikten i Gaza
Hamas sine grusomme drap og bortføringar av hundrevis av israelarar den 7. oktober kan ikkje på nokon måte forsvarast. Men kvifor det hende, det er forståeleg og føreseieleg om me tenkjer på dei siste femti åra med konflikt, og okkupasjonen og konfiskeringa av palestinsk land, heimar og forretningar, noko som er blitt ignorert så lenge.
Sameleis kan me forstå at israelarane reagerer med sinne på dei skrekkelege hendingane den 7. oktober. Likevel kan ikkje Israel sitt svar forsvarast. Israelske luftangrep har drepe og såra tusenvis av born, i tillegg til alle andre sivile, inkludert kvinner. Om ikkje forsyningar av vatn, mat, medisin, elektrisitet og drivstoff blir brakt inn raskt, og om det ikkje blir ein slutt på bombinga, vil mange, mange fleire sivile døy – menn, kvinner og born.
Dagens situasjon er ei kollektiv avstraffing av 2,3 millionar palestinarar. Mange av dei var allereie flyktningar og budde i leirar i Gaza. La oss vera tydelege: Dette er, som mange av verdas leiarar har sagt, eit krigsbrot.
Og kor er det håp om ein slutt på denne valden, når begge sider vil ha hevn – og vil ha eit hovud for eit auge, ein arm for ein finger? Held denne spiralen fram, vil det berre bli meir død, smerte og tap … og endå meir sinne, som i sin tur fører til fleire terrorhandlingar og nye terrororganisasjonar.
Det kan ikkje bli fred for Israel eller for deira okkuperte palestinske område før det er ein rettferdig og gjennomgripande avtale om å etablera ein uavhengig palestinsk stat.
Jesus var fødd i det okkuperte Palestina!
Det kan vera ei betimeleg påminning for oss å reflektera over det faktum at Jesus var fødd i det okkuperte Palestina, i Betlehem på den okkuperte Vestbreidda – der Jødar levde under romersk okkupasjon og ofte opplevde urettferd og brutal kollektiv avstraffing. Det var den romeske okkupasjonsmakta som til slutt skulle piska, slå og krossfesta Jesus.
Dei fleste av oss gløymer dette når me les det Jesus lærte oss:
– Elsk din neste som deg sjølv (Mt 19:19 og 22:39; Mark 12,31 og Lk 10,27)
– Elsk fiendane dykkar og be for dei som forfølgjer dykk (Matt 5,44)
Verkeleg? Korleis kunne Jesus seia noko slikt når landet hans var under militær okkupasjon og undertrykt av framande? Elska romarane? Elska romerske soldatar? Gjera godt mot dei? Gå ei ekstra mil for å hjelpa dei? Gi dei skjorta også, om dei ber om å få kappa di?
I ein slik kontekst, kan det Jesus seier, berre omtalast av jødiske nasjonalistar som forræderi! Kan me sjå kor radikal Jesu lære var, og kor relevant den er i dag? Og det er messianske og palestinske kristne i dag som prøver å leva ut Jesu lære i denne urolege delen av verda.
Kva gjer me med sinnet vårt?
Sjølvsagt er folk sinte, og med god grunn, på grunn av det som skjer i det såkalla Heilage Landet. Jesus var også sint på korrupsjon og urettferd – til den grad at han med vald velta borda til pengevekslarane i tempelet.
Men sinnet vårt mot urettferda må ikkje føra oss inn i synd, inn i hat og ønske om hemn. Til og med den 85 år gamle kvinna som nyleg blei frigitt av Hamas sa til pressa etterpå at «hat er ikkje svaret». Me er kalla til å hata synda men elska syndaren!
Dei seier at det første offeret i krig, er sanninga. Me treng å innsjå at begge sider i den pågåande konflikten kjempar for hjarte og tanke internasjonalt. Sjølvagt har den israelske staten og den jødiske lobbyen i Nord-Amerika enorme ressursar og brukar dei til å kjøpa alle mulig PR i media, medan palestinarane i Gaza ikkje ein gong har skikkeleg internett-tilgang, og ingen internasjonale nyhetsbyrå har fått tilgang til enklaven.
På grunn av dette må me vera svært forsiktige. Til dømes, kvifor seier alle at bombinga av ein overfylt landsbykafe i Ukraina er eit krigsbrot, medan bombing av sjukehus, skular og kyrkjer i Gaza blir unnskyldt med at «Israel forsvarar seg sjølv»? Før kvart folkemord i historia har alltid offera blitt dehumaniserte. I Nazi-Tyskland før krigen var det jødane som var slike offer. I dag er det palestinarane, og den kollektive avstraffinga me ser i Gaza blir fort ei form for folkemord.
Sinne, skuffelse og ønske om hemn (særleg i ærekulturane i Midtausten) er normale svar på den smerten og lidinga me ser på begge sider av denne konflikten. Men som truande og som etterfølgarar av vår Herre Jesus Kristus, er me kalla til å reagera annleis.
Galatarane 5,22 fortel oss at «Andens frukt i våre liv er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot!»
Dette er vår modell for korleis me skal leva i slike tider.
Korleis kan me be for denne situasjonen?
1. La oss be om at Gud vil vera nær og openberra seg for dei som sørgjer, er såra og vansira, og som sørger over å ha mista sine kjære.
2. At Jesu radikale lære om kjærleik og tilgjeving vil bli godt mottatt av alle; og at truande med arabisk og jødisk bakgrunn må ha visdom, mot og høve til å tala inn i situasjonen.
3. At folk overalt som står opp for sanning og rettferd, må bli høyrde, og ikkje bli sensurerte.
4. At den globale agendaen ikkje berre vil fokusera på å få ein slutt på valden og dei umiddelbare humanitære behova, men sjå dette som eit vekkarrop for å gå til rota av den pågåande valden, og prøva å finna ei rettferdig og langsiktig løysing på Israel-Palestina-konflikten.