Tilbake til nms.no Midtøstenblogg
Meny
Foto: Rab Nawaz Last ned

Opplæring gir håp om arbeid

Her er nokre pakistanske jenter frå Peshawar som er så heldige at dei får gå på eit kurs som gir dei grunnleggande helseopplæring. Når dei har fullført dette kurset, kan dei søka jobb på eit lokalt sjukehus. På den måten kan dei hjelpa til med litt inntekt til familiane sine.
Del Facebook Twitter E-post

I Pakistan er dei kristne ein fattig minoritet på berre litt over ein prosent. Dei blir ofte diskriminerte, og har ikkje så lett for å få seg jobb. Derfor prøver kyrkja å hjelpa dei til å få seg utdanning, slik at dei lettare skal komma inn på arbeidsmarknaden. Dei siste åra har NMS støtta Peshawar bispedøme med å gi opplæringsprosjekt som dette, eller innan andre fagfelt. Prosjektet går over eitt år frå mars i år, og omfattar 30 fattige jenter. Ti av dei får eit halvårig kurs i ultralyd, og 20 får årskurs innan apotekteknikk eller tannlegeteknikk, bruk av EKG og anna.

Opptak av nye studentar

Peshawar bispedøme ligg nord-vest i Pakistan. Bispedømet har djupe historiske røter til norsk og dansk misjon, og NMS har vore involvert i landet sidan midt på 1980-talet. I dag har NMS ingen misjonærar i Pakistan, men me samarbeider med Church of Pakistan og den kristne menneskerettsorganisasjonen CLAAS. Church of Pakistan blei etablert i 1970 som eit økumenisk samarbeid mellom fleire protestantiske kyrkjesamfunn.

Eg hadde håpa å få ein tur til Peshawar i år, i lag med eit par andre tilsette i NMS, men slik gjekk det ikkje. Det har vore vanskeleg å få visum til landet, og det er utfordrande å planlegga besøk til dei prosjekta NMS støttar. Heldigvis har me god kontakt med tilsette i kyrkja. Dei er flinke til å følgja opp prosjekta og senda oppdateringar frå arbeidet.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp