Tilbake til nms.no Midtøstenblogg
Meny
Last ned

Nytt frå SAT-7-prosjekt i Midtausten

«Smerte er bra for meg. Når pappa slår meg, vil han at eg skal bli ein betre person.» Dette sa ei jente som deltok i ein teaterverkstad for tenåringar i Kairo
Del Facebook Twitter E-post

Teaterverkstaden var ein del av SAT-7 sitt «FoRB and Gender Equality»-prosjekt. Dette prosjektet for likestilling og trusfridom er støtta av Norad gjennom Digni og i partnerskap med NMS. Her er ei oppdatering om arbeidet.

I mars var NMS og SAT-7 på besøk i den norske ambassaden i Kairo for å presentera dette prosjektet, og for å informera om NMS sitt arbeid generelt, og særleg dei Norad-støtta prosjekta i Midtausten. Frå NMS var generalsekretær Helge Gaard, leiar i NMS Global Haakon Kessel og rådgjever Midtausten Geir Sakseid. Ambassadepersonalet med andresekretær Astrid Pettersen i spissen tok godt imot delegasjonen.

Ambassadebesøk

Maggie Morgan er ein egyptisk TV-produsent som jobbar som freelancer med dette femårige prosjektet for SAT-7.

– Det er eit kjempestort prosjekt, og eg er audmjuk overfor oppgåva, seier ho, etter det første året.

– Eg er blitt så gripen av forteljingane som me har kunna dela på TV-programmet vårt, forteljingar som viser korleis livet til kvinnene me har møtt, blir avgrensa på så mange måtar av tru og levemåtar som aldri er blitt utfordra, held ho fram.

Kvinnene ho har møtt i prosjektet, har både kristen og muslimsk bakgrunn. Etter dette første året av prosjektet, innser ho at trusfridom er endå viktigare for kvinner enn ho hadde tenkt. Først og fremst fordi kvinner aksepterer urettferdige sider ved livet fordi dette er grunngjeve i religionen.

Det er dessverre altfor vanleg at kvinner blir slått og utsett for vald og seksuelle overgrep, og problemet er stort i Egypt og andre land i MENA-regionen. Dette prøver vi å gjera noko med.

– Vi trur at religiøse aktørar er svært viktige for å endra sosial og kulturell praksis. Dei står i ein unik posisjon til å oppnå varig framgang og endring innan likestilling og religionsfridom», seier Lena Eltervåg, som er spesialrådgjevar på dette fagfeltet i NMS.

Kyrkjelydar med misjonsavtale med NMS er også med og støttar fleire andre prosjekt i Midtausten inkludert Pakistan som skal betra rettane til kvinner og menneskerettar, mellom anna gjennom samarbeid med Anafora, Middle East Concern, Madev, Church of Pakistan og CLAAS.

Maggie Morgan

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp