Tilbake til nms.no Midtøstenblogg
Meny
Foto: MEC. Saman (Saheb) Fadaye, lauslaten 8. februar 2023 Last ned

Iran feirar revolusjonen – gir amnesti til kristne

Middle East Concern (MEC) melder at fleire kristne slapp ut av iranske fengsel i februar, som del av eit generelt amnesti for mange politiske fangar i samband med 44-årsfeiringa av den islamske revolusjonen. Presset mot dei kristne er likevel ikkje mindre enn før.
Del Facebook Twitter E-post

MEC er ein av NMS sine partnarar i Midtausten. Organisasjonen jobbar særleg for kristne som blir forfylgde på grunn av trua si. På heimesidene sine deler dei informasjon om nokre av dei som er lauslatne den siste tida.

Den 8. februar slapp Saman (Saheb) Fadaye ut av Evin-fengselet i Iran. Han vart arrestert i mai 2016 i lag med fleire andre konvertittar. Han vart dømd til 80 piskeslag for å ha drukke vin under feiring av nattverd, og seinare fekk han ti års fengselsstraff for å ha «handla mot nasjonal tryggleik ved å utbreia huskyrkjer og sionistisk kristendom», som det heiter.

Ei veke etter blei konvertitten Hadi (Moslem) Rahimi (33) lauslaten frå Evin-fengselet. Moslem vart arrestert for tre år sidan i lag med andre medlemmer av ein husmenighet i Rasht, nord i Iran. I august 2020 blei dei alle tildelt fengselsstraffar på mellom to og fem år for «handlingar mot nasjonal tryggleik». Moslem sjølv fekk ein dom på fire år. Han vart først lauslaten mot kausjon, men har no sete i fengsel sidan januar 2022.

Pastor Yousef Nadarkhani slapp ut 26. februar i år. Han blei arrestert i mai 2016 saman med kona si, Tina, og tre andre konvertittar. Ein av dei var Saman (Saheb) Fadaye, som slapp ut av fengsel 8. februar. Ifølge organisasjonen  «For the Martyrs» var Nadarkhani 19 år gammal då han konverterte frå islam. Han blei medlem i den evangeliske kyrkja i Iran og er pastor for ein husmenighet med rundt 400 medlemer. Pastoren er blitt arrestert minst fem gonger, er blitt dømd til døden i minst 8 år no, og er blitt forsøkt pressa fleire gonger til å forsaka trua si på Jesus, men har alltid nekta.

Amnestiet, som omfattar tusenvis av opposisjonelle, er ein del av feiringa av 44-årsjubileet til den islamske revolusjonen. Det folkelege opprøret tok til i januar 1978 og kulminerte i januar og februar 1979 med at Shahen av Iran flykta. Seinare same våren erklærte Ayatollah Khomeini Iran som islamsk republikk. Revolusjonen i Iran vart ein inspirasjon for islamistiske rørsler over heile verda, og utløyste viktige endringar i geopolitiske alliansar som er tydelege enno i dag, 44 år etterpå.

Sjølv om fleire kristne er lauslatne den siste tida, betyr det ikkje at presset mot kristne iranarar er blitt mindre. Anahita (Anna) Khademi, som slapp ut av fengsel mot ein kausjon på om lag 40 tusen kroner den 28. januar, er framleis skulda for «propaganda mot systemet» og for å ha «forstyrra den offentlege opinionen». Ho er gift med pastor Abdolreza (Mattias) Hagnedjad, som framleis sit fengsla i Lakan-fengselet i byen Rasht, etter å ha blitt arrestert i lag med to andre konvertittar under ei julefeiring den 26. desember. Han sonar ein dom frå 2014, og blei kalla «ein statsfiende» av dommaren under ei rettssak tidlegare same året.

Amnestiet i Iran er også blitt kritisert av menneskerettsorganisasjonar. Hadi Ghaemi, direktør ved Center for Human Rights in Iran, seier at «den såkalla ‘benådinga’ ikkje er anna enn eit skamlaust PR-stunt som viser kor fullstendig tilfeldig rettferda er i den islamske republikken, der arrestasjonar og lauslatingar skjer etter innfall frå staten».

«Her må dei heilage halda ut, dei som held seg til Guds bod og trua på Jesus» (Opb 14,12).

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp