Tilbake til nms.no Midtøstenblogg
Meny
Foto: Skjermbilde frå YouTube-video Last ned

Ny bokhandel i Nye Kairo?

I Bibelselskapet i Egypt drøymer dei om å opna ein bokhandel i den nye hovudstaden som er under bygging aust for Kairo. Dei vil i så fall få eit strategisk bibelsenter plassert midt i handlesenteret i Nye Kairo, ein bydel på størrelse med Singapore.
Del Facebook Twitter E-post

Bibelselskapet i Egypt går mot trenden når dei opnar fleire bokhandlar. I Egypt er Bibelselskapet sine bokhandlar mykje meir enn ein stad å kjøpa bøker. Dei er viktige senter som gjer Bibelen synleg og tilgjengeleg i det offentlege rommet. Derfor har dei no nyleg opna bokhandel nr 18 i ein by sør i Egypt, og har planar om å opna ei ny avdeling i den nye hovudstaden som er under utbygging 40-50 kilometer aust for sentrum av Kairo. Ein investor som svært gjerne vil ha ein bibelbutikk i kjøpesenteret sitt, har gitt dei eit svært godt tilbod om ein stad midt i handlesenteret i den nye bydelen.

Nye Kairo – stormannsgalskap eller framtidsretta planlegging?

Etter at president Sisi tok makta i Egypt for snart 10 år sidan, sette han snart i gang stortstilte planar for utbygging. Ikkje berre gravde dei eit nytt løp i Suez-kanalen, men han begynte også å planlegga bygginga av ein ny hovudstad i ørkenen mellom Kairo og Suez. Ein kan sjølvsagt setta spørsmålteikn ved desse planane. Er det uttrykk for ein president som ønskjer å skapa seg eit namn i historiebøkene, eller er det for å letta presset på den tett befolka storbyen ved Nilen?

Den egyptiske hovudstaden har blitt utvida fleire gonger gjennom historia, sidan den arabiske erobraren Amr ibn el-As etablerte hovudstaden Fustat i år 641 e.Kr, like ved festninga Babylon. Denne bydelen blir kalla «Det koptiske Kairo» på grunn av dei mange kyrkjene som ligg på eit lite område.

Godt og vel 300 år seinare erobra dei nordafrikanske shiamuslimske fatimidane Egypt, og grunnla ein ny hovudstad for kalifatet i nærleiken av den gamle. Den nye bydelelen fekk namnet al-Qahira, som tyder «Den sigrande». Det er dette som er det offisielle namnet på hovudstaden den dag i dag, sjølv om egyptarar flest kallar både landet og byen for Masr – eit namn som tyder «garnisonsby». Det har for øvrig same rot som det hebraiske Mitserajim, som er det namnet på Egypt me finn i den hebraiske Bibelen. Det er i denne fatimide-hovudstaden me finn alle dei kjende moskeane i «Islamic Cairo», som t.d. den verdskjende al-Azhar-moskeen.

Seinare er byen utvida i alle retningar og sentrum er blitt modernisert fleire gonger, til altså president Sisi no er i gang med å bygga «Nye Kairo». Den nye hovudstaden blir på størrelse med Singapore, og skal husa om lag seks millionar menneske. Her er lenke til ein film på YouTube om byggeplanane.

Bygginga har ikkje vore utan problem, men arbeidet er godt i gang, og den nye hovudstaden har også fått plass til ei kyrkje. Framleis er det mange kristne som ventar på ein stad der dei kan halda gudsteneste, men presidenten ønskjer å demonstrera eit godt samhald mellom muslimar og kristne, og har aktivt støtta bygging av kyrkjer mange stader. I Nye Kairo fekk han dermed bygd ein ny katedral for den koptisk-ortodokse kyrkja – Kristi fødsels-katedral, eller Cathedral of the Nativity of Christ. Denne blei opna i januar 2019, og er den største kyrkja i Midtausten, med plass til 8000 menneske. Like ved ligg den endå større Al-Fattah al-Alim-moskeen. Den offisielle gode tonen mellom staten og den koptiske ortodokse kyrkja står likevel i sterk kontrast til den manglande fridomen til alle som er i opposisjon. Ytringsfridomen har endå dårlegare kår i dag enn før «den arabiske våren» som tok til i 2011, og staten slår hardt ned på meiningsmotstandarar.

NMS si støtte til Bibelselskapet i Egypt går til drift av to butikkar i Kairo sentrum. Dei er som sagt viktige senter for å gjera evangeliet tilgjengeleg for folk. Ein mann kom inn i ein slik butikk ein dag. Han kjende ikkje til kristendomen frå før, men fekk sjå eit vakkert hefte med Bergpreika, med tittelen «Ord som endra verda». Han kjøpte det og tok det med heim for å lesa det. Ei veke seinare kom han tilbake og kjøpte 100 eksemplar for å gi til naboar og venner!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp