Kyrkja i Pakistan hjelper jordskjelvoffer
Dette står å lesa i eit nyhetsbrev frå Peshawar bispedøme i Church of Pakistan (CoP), som er NMS si samarbeidskyrkje i landet. Skjelvet kunne også merkast i Peshawar og i hovudstaden Islamabad. Den pakistanske regjeringa sende umiddelbart lastebilar med mat og utstyr til dei katastroferåka områda, men det er framleis stort behov for hjelp.
Peshawar bispedøme grensar til Afghanistan, og ansvarsområdet til bispedømet strekkjer seg heilt til Kabul. Det har historisk vore mykje ferdsel over grensene. Kyrkja har vore sterkt involvert i å hjelpa flyktningar frå Afghanistan, men har også gjennom mange år blitt negativt påverka av den ustabile situasjonen i regionen. Etter at Taliban tok over makta i nabolandet hausten 2021, er det blitt vanskelegare å reisa for å nå ut med hjelp, men hundrevis av flyktningar har komme over grensa til Pakistan.
No føler kyrkja i Peshawar eit moralsk ansvar for å hjelpa afghanarane i denne krisetida, slik dei har gjort tidlegare ved fleire høve, og dei ber oss om å ta jordskjelvoffera med i bønene våre.
Kirkens Nødhjelp er ein annan norsk organisasjon som er til stades i Pakistan, og dei har sett i gang tiltak for å få oversikt over skadeomfanget og vil gi katastrofehjelp til dei som er råka av jordskjelvet.
Church of Pakistan vart etablert i 1970 som eit økumenisk samarbeid mellom fire konfesjonar: anglikanarar, lutheranarar, metodistar og presbyterianarar. NMS hadde misjonærar i landet fram til 1991, og har dei siste åra støtta ulike prosjekt. Då eg var ein tur til Pakistan i vår, kunne eg ikkje besøka Peshawar, men eg fekk høve til å møta biskop Humphrey Peters då han kom til Danmark for nokre veker sidan.
Eg fekk vera med Biskop Humphrey på eit møte med danske gymnaselevar. Der fortalde han om situasjonen for dei kristne, som ofte er vanskeleg. Men det som var viktig for han å framheva, er at dei kristne må vera synlege i samfunnet, og at dei må vera til velsigning – også for dei som vil dei vondt. Også når ein møter diskriminering og terror, så må må dei kristne vera til stades, og vera til velsigning.