Tilbake til nms.no Midtøstenblogg
Meny
Last ned

Fagopplæring mot fattigdom

Abid frå Peshawar i Pakistan gjekk på kurs for å læra seg å reparera mobilar. No er han i praksis for å læra meir, og snart kan han og dei andre på kurset sjå fram til jobb med fast inntekt. Det same gjeld dei som gjekk på sykurs eller lærte seg skjønnheitspleie.
Del Facebook Twitter E-post

Denne våren har NMS gitt støtte til eit arbeidstreningskurs for unge kvinner og menn i Pakistan for å hjelpa dei ut av fattigdom. Det er Peshawar bispedøme i Den pakistanske kyrkja (Church of Pakistan) som har ansvar for gjennomføringa av kurset, som hadde 21 deltakarar, sju menn og fjorten kvinner. Halvparten av kvinnene gjekk på sykurs og resten lærte seg skjønnheitspleie, medan mennene fekk opplæring i mobilreparasjon.

Det er i underkant av tre millionar kristne i Pakistan, men dei utgjer ikkje meir enn 1,27% av folketalet på over 220 millionar. Dei fleste kristne har bakgrunn frå dei lågare kastane, og arbeider i lågstatusyrke innan reinhald, jordbruk, teglverk og anna. Pakistan er eit sterkt lagdelt samfunn, og det er vanskeleg å bryta ut av fattigdomssirkelen. Derfor er det viktig for kyrkja å gi medlemene sine eit høve til å læra noko nytt, så dei kan prøva å få eit betre liv.

Ei av kvinnene viser fram kursbeviset

Eg må innrømma at eg stussa litt då eg høyrde at kyrkja skulle gi fattige kvinner kurs i skjønnheitspleie. Var det verkeleg riktig prioritering å senda damene på sminkekurs, tenkte den norske, godt vaksne mannen. Men så har eg fått høyra frå fleire hald i Pakistan at dette er eit svært viktig tiltak, fordi det gir dei unge kvinnene høve til å skaffa seg inntekt utan at dei er nøydde til å gå ut for å arbeida. I staden kan dei ta imot andre kvinner i heimane sine. Svært mange kvinner opplever trakassering på gata eller på arbeidsplassen, og mange vegrar seg for å gå ut. Dei som får høve til å etablera ein salong heime, slepp dette, samtidig som dei kan få ei stabil inntekt til familien sin. Reja var ei av dei som gjekk på kurs og opna ein heimesalong ved hjelp av utstyret ho fekk frå kyrkja, og no får ho ei lita inntekt kvar månad.

Alle dei sju kvinnene som lærte seg å sy, brukar no dei nye kunnskapane sine til å sy klær for familie, slekt og naboar, fortel prosjektansvarleg Rab Nawaz i Peshawar bispedøme. Så ikkje berre sparar dei pengar på å laga klærne sine sjølv, men dei tener også til livsopphald for familien, skriv han.

NMS har lenge samarbeidd med Church of Pakistan. Sjølv om NMS ikkje har hatt misjonærar i Pakistan sidan tidleg på nittitalet, er det viktig å ta vare på relasjonane til denne minoritetskyrkja som norske misjonærar ein gong var med på å bygga opp. Me reknar med å gi støtte til liknande prosjekt også i framtida.

Nokre av kursdeltakarane, saman med leiarane.

Tekst: Geir Sakseid     Foto: Rab Nawaz

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp