Tilbake til nms.no Midtøstenblogg
Meny
Foto: Erika Lynn Solli Last ned

Rapportlesing er oppbyggeleg

Januar er tid for å rapportera frå året som har gått. Men for meg handlar det i denne omgang meir om å lesa desse rapportane frå "min del" av NMS-verda, Midtausten og Pakistan. Eg kan lova at det er både inspirerande og utfordrande lesnad!
Del Facebook Twitter E-post

Ikkje minst det faktum at NMS slit med å få budsjettet i balanse samstundes som eg ser kor mykje som blir utretta for den støtta som faktisk er sendt ut; det smertar. Kvar gong eg møter partnar i Egypt, så takkar dei: Takk for at de står saman med oss og bidrar til at me kan gi folk tru både på Jesus og på seg sjølve. Det betyr uendeleg mykje.

Eg kjenner meg privilegert som får motta denne takken på vegne av alle som er med og gir og ber. Her er nokre spreidde glimt:

Utstillingsvindaugo i Bibelselskapet sine butikkar fortel tydeleg kva varer som finst innanfor. Ofte ligg ein stor open bibel utstilt. Ein mann passerte der Bibelen var slått opp på Saligprisingane i Bergpreika. Kappa og skjegget avslørte ein religiøs fundamentalist. Tre gonger stoppa han, las litt og gjekk vidare, for så å snu og koma tilbake, tydeleg overraska og forvirra. Siste gongen kom han inn i butikken og ville veta kvar i Bibelen dette avsnittet stod. Han enda opp med å kjøpa eit nytestamente. Tre månader seinare kom han att og kjøpte ein Bibel.
Eitt år seinare dukka han opp att på butikken, men då kjende ikkje seljaren han att. Han var totalt forandra både på innsida og utsida!

Staben på senteret for arabiske innvandrarar i Spania fekk verkeleg bevis for at arbeidet lukkast då dei i november vart oppsøkt av ei ung marokkansk kvinne med hijab. Ho hadde to små barn med seg og introduserte seg med å fortelja at ho og broren gjekk i barneklubb på senteret for 14 år sidan. No hadde ho nettopp flytta tilbake til nabolaget og hadde blitt så glad då ho såg at senteret framleis eksisterte. «Eg vil at ungane mine skal gå her og læra dei verdiar og holdningar som me lærte. Eg kjem aldri til å gløyma det eg fekk med meg herfrå!»

«Første gongen me fann kanalen dykkar (SAT-7 KIDS), mannen min og eg, vart me heilt betatt. Og no ser me kor viktige programma er for ungane våre. Me ber om at stemmen dykkar vil nå alle barn i verda. Gud velsigne dykk, og eg elskar dykk».

Anafora er det kvart år nye kvinner som gjennom undervisning og samtalar vågar å sjå framtida i møte med forventing. Ei av dei som var med på ei vekes kurs i fjor var så inspirert at ho sette i gang med leseopplæringsgruppe for kvinner i landsbyen sin straks ho kom heim att. Ho vil gjera ein forskjell i lokalmiljøet sitt og deler med seg av det ho lærte på Anafora. Der fekk ho både verktøya og sjølvtilliten ho treng for å hjelpa sine medsøstre.

Det diakonale senteret i Kairo har tatt imot sine to første bebuarar til eldreheimen dei held på å etablera. I jula var barna frå søndagsskulen på visitt og song julesongar for dei.

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp