Tilbake til nms.no Midtøstenblogg
Meny
Foto: NMS-info Last ned

Mitt møte med biskop Thomas

Del Facebook Twitter E-post

… også min biskop

Eg har møtt biskop Thomas før. På retreat- og kursstaden Anafora utanfor Kairo i Egypt. Eg hugsar kjensla av å møte ein mann med god tid, omsorg og ein bodskap. Han er ein biskop i den koptiske kyrkja, tenkte eg, men han må gjerne vere biskop òg for meg.

… å vere kristen er eit privilegium!

Biskop Thomas fortel om å vere kristen under heilt andre vilkår enn i Noreg. Å vere kristen i Egypt er å vere del av ein sers pressa minoritet. Likevel er bodskapen frå biskopen: «Enjoy being Christians!» «Gled dykk over å vere kristne!». Og vidare: «Å vere kristne er eit privilegium!» Han ber oss om å ikkje møte utsette kristne med å synast synd på dei. «Vi er forfulgte, men ikkje nedbrotne», seier han, slik at eg mest høyrer Paulus’ stemme klinge som eit ekko frå to tusen år tilbake.

… eit holitistisk oppdrag

Kyrkja må alltid arbeide heilskapleg («holistic»), seier biskop Thomas: «Ser eg at folket treng ein skule, byggjer eg ein skule. Ser eg at kvinner manglar rettar, arbeider eg for at dei skal oppnå rettane sine. Ser eg at folk treng traumebehandling, gir eg dei traumebehandling. (…) Vi vil styrke Guds folk på alle moglege vis.»
Kva treng folk som lever i velferdssamfunnet Norge at kyrkja gjer, spør eg meg sjølv. Kva betyr det å arbeide heilskapleg her?

… trua og det enkle livet

Den koptiske tradisjonen kviler på verdiane «trua og det enkle livet» («faith and simplicity»), fortel biskopen. Skilnaden mellom den alexandrinske teologien og den romersk-hellenistiske er «simplicity». I norsk tradisjon kan vi kanskje børste støvet av ordet «nøysemd», tenkjer eg. Kristus sjølv er førebiletet vårt, forkynnar biskop Thomas, og minner om styrken i dei evangeliske forteljingane og i den verdsvide fellesskapen vi har del i. Ja, det er eit privilegium å vere kristen!

FAKTA: Biskop Thomas er biskop i det øvre Egypt, i Den koptisk-ortodokse kyrkja. Han er ein viktig stemme for kristne i Egypt og heile Midtausten. Anafora tyder å løfte opp, er eit senter i ørkenen mellom byane Alexandria og Kairo i Egypt, og vart starta av biskop Thomas i 1999. Biskopen vil at Anafora skal fungere som ein opplærings- og modningsstad for unge, egyptiske kristne, særleg frå landsbyane i bispedømmet hans. Kongstanken er å myndiggjere ungdom, særleg jenter.

NMS har støtta dette arbeidet sidan 2012. I byrjinga av november fekk ei gruppe medarbeidarar treffe biskopen på NMS sitt Oslokontor.

Tekst: Turid Skorpe Lannem er misjonsrådgjevar i Oslo bispedømme. Ho samarbeider tett med misjonsorganisasjonane gjennom SMM (Samarbeid menighet og misjon) for å styrke misjonsengasjementet i dei lokale kyrkjelydene.

 

 

 

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp