Tilbake til nms.no Midtøstenblogg
Meny
Foto: Åslaug Ihle Thingnæs Last ned

Nyhetsbrev 3/17 frå Midtøsten

NMS har mange og gode samarbeidsrelasjonar i Midtøsten, dei fleste i Egypt. Dette samandraget skreiv Åslaug Ihle Thingnæs på slutten av opphaldet sitt til menighetene som støtter arbeidet NMS er ein del av.
Del Facebook Twitter E-post

Eit lengre opphald i Midtøsten går mot slutten. Offisielle møte, uformelle samtalar og fellesskap; det har vore ei glede og eit privilegium å vera her. Først diverse møte på Kypros med to spennande partnarar. Middle East Concern fokuserer på å hjelpa i konkrete saker der det er snakk om forfølgjing av kristne i denne regionen. Fleire hundre saker er innom i løpet av året; Egypt og Iran er øverst på den lista. Dei prøver i lengste laget å bidra til at folk ikkje treng forlata heimen og landet sitt, men i dei mest ekstreme tilfella er emigrasjon den einaste løysinga, og då stiller dei med råd og hjelp til å etablera seg i eit nytt land.

Middle East Media (MEM) hadde også årets internasjonale styremøte på Kypros. Engasjert og ivrig rapporterte de frå det holdningsskapande arbeidet dei driv gjennom sine kurs og nettsider. – Me prøver å utfordra folks oppfatningar og koma med innspel ut frå kristne verdiar og eit kristent menneskesyn. Produksjon av kortfilm er ein sentral kanal for dei, og den interaktive nettsida for kvinner har mange titusen «likes».

Gledeleg gjensyn på Anafora med søster Teodora og Sara Hanna, synest Åslaug Ihle Thingnæs

Reisa gjekk vidare til Egypt og meir direkte kontakt med staben i MEM. Dei er så kreative og profesjonelle i alt dei gjer, og kontaktnettet deira er stort, først og fremst utanfor kristne samanhengar. – Me vil vera på torget og møta vanlege folk, seier dei. Ikkje minst vil dei formidla Guds uforbeholdne kjærleik. – Folk treng å bli møtt med ein slik kjærleik, for livet elles handlar mykje om å oppfylla krava frå ein streng og lite miskunnsam gud.

På Anafora fekk eg møta 33 unge kvinner frå fattige menigheter i Øvre Egypt som var der for første gong. Undervisninga eg fekk med meg denne gongen handla om farsbilde og gudsbilde; korleis erfaringane med far så lett blir overført til Gud. Kvinnene – eller kanskje rett å seia jentene, for dei yngste var 16 – følgde ivrig med og kommenterte og spurte heile tida. Det faktum at dei nettopp hadde blitt kjent med kvarandre, såg ikkje ut til å legga dempar på dei. Eg spurde kurskoordinator Sara ho trudde dei ville snakka like fritt om det var menn til stades, noko ho umiddelbart bekrefta; nei,  då ville dei vore heilt stille.

Arbeidet som biskop Thomas med staben sin gjer på Anafora, også for desse kvinnene som har tunge historier med seg i bagasjen sin, er utruleg strategisk og verdifullt. Namnet Anafora handlar om å løfta opp, og det er i sanning det som skjer for desse unge kvinnene.

NMS sitt engasjement i Egypt handlar også om SAT-7. I tillegg til besøk på studio-bygget deira i Kairo (sjå bildet øverst), var alle leiarane i organisasjonen samla til samtale og drøftingar. Å henga med i den teknologiske utviklinga innan TV-produksjon er ein dyr affære, men i den bransjen er ein fort utafor viss ikkje kvaliteten er god. Rekneskap, budsjett og fundraising er difor viktige punkt på dagsorden når dei samlast på tvers av alle kanalane. Konkurransen er stor når det gjeld TV-kanalar i regionen, men når målingar viser at 21,4 millionar ser på SAT-7 sine arabiske kanalar, så betyr det jo at dei når fram til mange.

På det diakonale senteret er det like før dei skal ta imot sine første bebuarar på aldersheimen. Romma var nymalte og lyse, og sengene var oppreidde. I første omgang kjem to kvinner til å flytta inn, så utvidar dei sakte, men stort blir det ikkje. Truleg berre ei handfull. Dagsenteret hadde stengt dørene for dagen då eg var der, men både i snekkerbua og på systova var det aktivitet. På klinikken var det siesta før dei skulle opna dørene att for pasientar når klokka vart sju.

Feiringa skjedde i kyrkja Kasr el Dobara i Kairo

I dag er me fleire som skal vera gjester hjå Bibelselskapet, og saman med dei skal me vera med å feira reformasjonen i kveld. Dei har arrangement heile helga knytta til 500 årsjubileet, men den offisielle festen er i kyrkja Kasr el Dobara i kveld. Etter det eg høyrer kjem det mange gjester både frå styresmaktene og diverse samarbeidspartnarar i innland og utland. Det vert ei spesiell oppleving, reknar eg med!

Litt av musikken frå feiringa kan du  sjå på Facebook,

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp