Tilbake til nms.no Midtøstenblogg
Meny
Foto: Gjestehusa Last ned

I kveld kjem dei

No er bussen på veg. Mange timars reise for å koma seg til Anafora for dei om lag 30 unge kvinnene som skal vera med på samlinga som startar i morgon.
Del Facebook Twitter E-post

Her på Anafora er alt klart til å ta imot dei. Lyse trivelege rom , god mat og mykje lys og varme frå Sara og dei ho har med seg for å vera i lag med kvinnene. Nokre a v dei har vore her før; dei fleste kjem frå første gong.

Her skal dei få høyra at dei er verdifulle og viktige, kvar einaste ei av dei. Historiene deira er ulike, men å vera kvinne i dette landet er ikkje enkelt. Og viss du er både ei fattig og kristen i tillegg, så har du mange utfordringar.

Kvinna er mannens eigedom, og han kan gjera som han vil med henne, noko dei fleste finn seg i, for «slik er jo livet». Her får dei høyra noko anna, og vonleg vil det litt etter litt gi dei frimot og tryggleik til å eiga både sin kropp og sine liv sjølve.

Dette er NMS stolte av å bidra til! Eg gler meg til nok ein gong å vera flue på veggen i eit par av timane deira.

Åslaug Ihle Thingnæs, Anafora, Egypt

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp