Utstrakt misbruk av blasfemilova i Pakistan

Foto: Åslaug Ihle Thingnæs Last ned
Pakistan er mellom landa som blir rapportert for utstrakt misbruk av blasfemilova i ein rapport utgitt av US Commission on International Religious Freedom (USCIRF). Kommisjonen har oppfordra til oppheving av lova, for i tillegg til at den inviterer til misbruk, feilar den og i å beskytta religions- og ytringsfridomen.
Del Facebook Twitter E-post

Nasir Saeed som er leiar for menneskerettsorganisasjonen Centre for Legal Aid, Assistance and Settlement (CLAAS) har publisert ein artikkel med fokus på situasjonen i Pakistan. Saman med Egypt blir Pakistan vurdert som eit land der blasfemilova kan bli misbrukt av autoritetane for å undertrykka minoriteta, og der den kan bli misbrukt av ekstremistar og forsvarer religiøst hat.

Along with Egypt, Pakistan is considered a country where its blasphemy law can be misused by authorities to repress minorities, and where it can be misused by extremists and promotes religious hatred.

At misbruken av lova er så utbreidd i Pakistan skuldast både at styresmaktene ikkje gjer noko og at rettsvesenet forseinkar prosessane. Dermed meiner folk at dei har rett til å ta skeia i si eiga hand og vedta og døma der og då. I dei fleste tilfella vil offeret bli drept, særleg om dei tilhøyrer ein minoritet, slik dei kristne gjer. Det er mange døme på at uskuldige menneske er brent levande.

Politikarar, rettsorgan og domstolar er alle klar over situasjonen og korleis blasfemilova blir misbrukt av folk til å ta hevn og ta personlege oppgjer med sine motstandarar. Det er veldig enkelt å anklaga nokon for blasfemi, men politikarane våre mislukkast framleis i å diskutera saka i parlamentet, og dei som har forsøkt å starta diskusjonen om denne lova, har blitt truga med døden, skriv Saeed.

NMS har støtta CLAAS i mange år i deira arbeid med å bistå og hjelpa forfølgde i Pakistan og å halda opinionen i vest orientert om situasjonen.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp