Tilbake til nms.no Midtøstenblogg
Meny
Foto: SAT-7 Last ned

Barne-TV på farsi

Frå trange forhold i eit vanleg bustadhus i Limassol er SAT-7 PARS no på plass i eit større lagerbygg i same by. Her har dei heilt andre forhold og god plass både i kvadratmeter og kubikk (= høgt under taket), noko som inspirerer både dei som er foran og bak kamera.
Del Facebook Twitter E-post

 

SAT-7 PARS, Barne-TV

Majid Akhavan har jobba mange år i SAT-7 PARS. I år er han m.a. på lufta med eit program der dei inviterer barn til å ringa inn under sending.

Majid Akhavan er producer og ivrig opptatt med å følgja produksjonen av nye Barne-TV-program. Han har sjølv laga scriptet og sit «back stage» under opptaka. Instruerer litt av og til, men skodespelarane er godt førebudde, så det er ikkje så mykje han treng gripa inn. Majid jobba free lance i mange år før han fekk fast stilling i SAT-7, noko som ikkje er så uvanleg. Det er alltid mange freelancerar engasjert, og slik kan begge partar avgjera om det er aktuelt med ein fast og nærare relasjon. No har Majid vore sju år fast og føler verkeleg han får brukt sine talent på ein god måte. Tidlegare var han meir foran kamera; no er han like mykje bak – eller rettare utafor.

I SAT-7 KIDS, den arabiske barnekanalen er det alltid mange barn med. For Pars er situasjonen annleis. Dei kan ikkje filma i Iran, men må gjera alt utanfor landet, og sjølv om mange iranske barn bur i eksil med foreldra sine, så ønskjer ein ikkje å eksponera dei for sterkt i den sårbare situasjonen med mykje forfølgjing av kristne. Dessutan vil barn som har vore nokre år i eksil fjerna seg frå daglegtalen og språket sitt, så det er ikkje gitt at det ville fungera så bra uansett. Men dei baksne som spelar barn, gjer det med stor innleving, så programmet kommuniserer. Det viser også tilbakemeldingane dei får både via Facebook og andre kanalar.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp