Tilbake til nms.no Midtøstenblogg
Meny
Foto: Frontier News,Peshawar Last ned

Fargerik mottaking

Biskopen i Peshawar, Humphrey Peters, vert tatt imot med stor jubel når han besøker menighetene i bispedømmet. Han reiser mykje, og det er tradisjon at når det er konfirmasjon, så er det biskopen som leier den i alle kyrkjene sine.
Del Facebook Twitter E-post

Konfirmasjon

Etter at han vart vald til moderator, dvs preses, i mai, har menighetene møtt han med endå meir festivitas.

Og dei kan det der med å laga fest og feira; det erfarte eg og på mitt korte besøk for eitt og eit halvt år sidan.

Aktivt leirarbeid
Det er stor aktivitet i bispedømet. I sommar arrangerte dei fleire leirar, mellom anna økumenisk sommarleir med rundt 30 deltakarar (bildet). Temaet var Prøv åndene, og det var valgt fordi dei erfarer at ubibelske skikkar og oppfatningar spreier seg mellom dei truande.

Ein annan leir var for søndagsskulen. I fem dagar fekk dei undervisning og hadde aktivitetar av ulikt slag; akkurat det er vel ganske likt ein leir er hjå oss.

 

 

 

Økumenisk sommerleir i Peshawar, sommeren 2017

Oppfølging av arbeidarane i kyrkja
I år støtter NMS rehabiliteringa av eit kurs- og konferansesenter som er overlevert til kyrkja i Pakistan frå Det Finske Misjonsselskapet (FELM). Frå å vera feriesenter for misjonærar skal det no kunna ta imot prestar og andre tilsette i kyrkja for oppfriskingskurs, retreat, inspirasjon og kvile. Det er mange og vanskelege utfordringar berre det å vera kristen i eit muslimsk land, og for dei som har det som jobb vert det sjølvsagt endå vanskelegare.

Eg håper å koma tilbake med bilder og nytt frå senteret

etter kvart.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp