Sommarleir hos biskop Thomas
Sommarjobben består av litt jobb og undervisning, men først og fremst får dei leika og ha det kjekt saman. Biskop Thomas er opptatt av at dei må få vera barn og bli behandla med respekt. Og løn får dei sjølvsagt; det er jo for å tena pengar til familiane sine dei jaktar på sommarjobb.
Dei får mellom anna prøva seg med leire; å laga figurar i leire, og det er ingenting å seia på konsentrasjonen deira då!
Sjølv blir eg overvelda når eg ser og høyrer kva sommarmånadane på Anafora får bety for dei. Folka i landsbyane deira kjenner dei knapt att når dei kjem heim, for motivasjonen til skulegang er på topp, og dei tar del i gudstenester og aktivitar i kyrkjene.
NMS er glade for å støtta Anafora i gjennomføringa av desse leirane. Tenk om det samarbeidet kunne utvidast til at me sender Uteam frå NMS U for å bistå praktisk! Det drøymer eg om!