Tilbake til nms.no Midtøstenblogg
Meny
Foto: Åslaug Ihle Thingnæs Last ned

Med hjartevarm autoritet

Søster Marina var ikkje meir enn ferdig med utdanninga i Libanon før ho stod framfor 20 unge kvinner heime på Anafora nord for Kairo. Kursa med undervisning og behandling av kvinner som er utsette for vald og overgrep er hennar ansvar no.
Del Facebook Twitter E-post

Anafora, nonne

Søster Marina er sjølvsagt ikkje åleine om det, ikkje minst er det godt å ha Sara med seg som koordinator, tilretteleggar og miljøskapar. Men no treng dei ikkje alltid leiga inn folk for å undervisa; no har dei sin eigen søster Marina som kan ta det.

At ho er rett kvinne på rett plass er det ikkje tvil om. Har ikkje vore lenge inne i klasserommet før eg skjønar det. Med god tolk i øyra får eg med meg det meste av det ho seier, og når eg samstundes opplever det opne smilet hennar som vekslar med det alvorlege draget i ansiktet, då kjenner eg kor flink ho er til å spreia tryggleik rundt seg. Det same opplever jentene som lytter og som aktivt deltar. Dei har berre vore saman ein dag før eg stikk innom, men det er tydeleg at kontakten er oppretta, og søster Marina underviser, spør og lytter med ein autoritet og respekt for alle i rommet.

Sjølv blir eg stolt nok ein gong. Stolt over at NMS er ein viktig støttespelar for at dei kan tilby desse kursa på Anastasia, kurssenteret på Anafora. Det gir håp for mine unge søstre i Egypt!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp