Første utstilling i nytt nasjonalmuseum
Opninga av eit nytt nasjonalt museum i Kairo var planlagt til 2011, men revolusjon og finanskrise har gjort sitt til det først i 2017 kunne opna si første utstilling.
Sist oppdatert 23.03.2017
Fokus i utstillinga var fire gamle handverk, tekstil, keramikk, smykke og treskjæring. Etter kvart skal noko av det som er utstilt i det gamle museet over i dei nye lokala. Bygget ligg vakkert til med utsikt over eit lite vatn, og på det store uteområdet er dei i gang med treplanting og røyr for vanning.
Det blir staseleg, men det vil nok ta si tid før dei kan opna alle dørene.
