Ein lokal bibelekseget
Dei første misjonærane som kom på midten av 80-talet hadde berre delar av Markus-evangeliet tilgjengeleg. Om lag 20 år seinare var heile Det Nye Testamentet ferdig omsett. Sidan den gang har nye arbeidarar komen til, og dei har jobba med Det Gamle Testamentet. No er ein del bøker frå GT omsett til fulani, men det er framleis mykje att å gjera. Anne Lise Matre frå NMS var med å omsetja NT.
Akkurat no er det ein pause i omsetjingsarbeidet. Årsaka til det er at MELM ønskjer å utdanna den lokale medarbeidaren, Amadou, for å styrka den lokale kompetansen i arbeidet. Amadou er Anne Lise Matre sin næraste medarbeidar. Han studerer no hebraisk og gammaltestamentleg eksegese på FATMES, eit teologisk fakultet i Bamako som NMS er med å støtta. I tillegg studerer han engelsk, samt pensum for gymnas-utdanning.
Amadou fekk aldri gå på skule som born, men lærte å lesa av nokre misjonærar i heimlandsbyen sin. Som ung gut hadde han ofte ei bok med seg medan han var ute og gjeta. Medan dyra beita, lærte Amadou seg å lesa. Han les heilt flytande, betre enn mange som har gått på skule heile sitt liv. Etter kvart fekk Amadou også kristen opplæring, og har gått to år på bibelskule.
No har Amadou vore tilsett i fire år som medarbeidar i bibelomsetjingsarbeidet, og erfaringane med arbeidet hans er udelt gode. Amadou er intelligent og kunnskapstørst, og han er også glad i fulani og ønskjer at omsetjinga skal vera språkleg vakker.
Me trur difor at me har ein god personen til å vera med å omsetja resten av Bibelen til fulani, og ønskjer difor å utdanna han til å kunna gjera ein best mogeleg jobb i framtida. Takk for at de er med å be for Amadou sine studiar og teneste!
Teksten er opprinneleg skriven i mars 2019.