Tilbake til nms.no Maliblogg
Meny
Last ned

Nye beitemarker og nye misjonsmarker

I snart 40 år har NMS vore med på arbeidet med å dela evangeliet med maliske fulaniar. Dei siste ti åra har arbeidet vorte gjort vanskeleg av ein stadig forverra sikkerheitssituasjon.
Del Facebook Twitter E-post

«I kuldetida kjem eg på besøk til dykk, gjerne i ein månads tid. Då ønskjer eg å få undervisning om Jesus sin veg.»

Fulanien som sa desse orda har kuflokkane sine sør-aust i Guinea, medan familien bur over grensa til Elfenbeinskysten. Sjølv om han er født og oppvaksen i Elfenbeinskysten omtalar guineanarane både han og andre fulaniar i området som maliarar. Årsaka er at familiane deira opphaveleg kjem frå Mali, og at dei i løpet av 2-3 generasjonar har migrert sørover mot grønare beitemarker.

I snart 40 år har NMS vore med på arbeidet med å dela evangeliet med maliske fulaniar. Dei siste ti åra har arbeidet vorte gjort vanskeleg av ein stadig forverra sikkerheitssituasjon. Militante islamistar, ulike væpna grupper og Mali sin hær angrip kvarandre. NMS støttar misjonærar frå vår kamerunesiske søsterkyrkje som framleis bur og jobbar i landet.

På grunn av den uforutsigbare sikkerheitssituasjonen har misjonen i Mali bestemt seg for å undersøkja mogelegheita for å jobba blant maliske fulaniar utanfor landet sine grenser. Difor har eg det siste arbeidsåret budd i Guinea, like sør-vest for Mali. Eg har hatt tre fokusområder i jobben som NMS-misjonær basert i Guinea:

  1. Å kartlegga i kva område i Guinea ein finn konsentrasjonar av maliske fulaniar.
  2. Å etablera ein stad nært Mali der me kan ta i mot folk for fellesskap og undervisning.
  3. Å byggja relasjonar og tillit til guineanske kyrkjer og kristne.

Dette arbeidet gjer eg saman med ein kristen fulani frå Mali, som lenge har hatt kyrne sine i Guinea.

Nyleg var me på besøk i sør-aust Guinea, invitert av ein guineansk misjonær som tipsa oss om at det er mange maliske fulaniar i området. Me fann at den vesle byen han bur i er full av maliske fulaniar. Mange er der med kuflokkane sine, medan andre jobbar som gjetarar. Dei fleste har komen via Elfenbeinskysten, medan andre har komen direkte frå Mali. Dei fleste har familiane sine i Elfenbeinskysten, medan andre bur i Guinea saman med familiane sine. Me møtte flest folk med bakgrunn frå Mopti-regionen, men også folk frå Segou- og Koulikoro-regionane.

Dagane vart nytta til å bli kjent med folk på to av dei faste møteplassane til fulaniane i byen: ved eit apotek for dyremedisinar og på ei matte under eit mangotre. Om kveldane kom folk på besøk til oss. Fleire personar signaliserte interesse for å få undervisning i kristen tru. Ein ung rik mann (i form av mange kyr) vart med oss tilbake til nord-Guinea for å få bibelundervisning nokre dagar. Før han reiste sørover igjen uttrykte han eit ønskje om å følgja Jesus, og at han vil koma tilbake etter regntida for meir undervisning.

Etter besøket i sør-Guinea er me oppmuntra og har fått nytt håp for arbeidet blant maliske fulanarar basert i Guinea.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp