Tilbake til nms.no Maliblogg
Meny
Foto: Sigurd Egeland Last ned

Dødens veg og Livsens veg

Misjonsarbeidet i Mali er prega av kontrastar. I store delar av landet er det væpna konflikt.
Del Facebook Twitter E-post

Ein ven fortel frå heimstaden sin nært Boni i Mopi-regionen, om korleis mange av slektningane hans no har vorte militante islamistar. Det er folk i området som trener folk opp i våpenbruk, seier han. Så sel dei våpen til dei som vil kjøpa.

Samstundes vaskar dei hjernen til folk ved å seia at «dersom du drep nokon i uniform, så er det heilag krig, og du kjem til himmelen. Dersom du drep ein sivil, så har du drepe ein heidning, og då er det heilag krig og du kjem til himmelen. Dersom du skulle verta drepen, så er det heilag krig og du kjem til himmelen». Min ven, som sjølve er ein lærd muslim, sukkar. Han reiser ikkje lenger for å besøka heimtraktene sine. Slektningane til min ven har vald ein veg prega av vald og død.

Parallelt med denne alvorlege situasjonen opplever me at fleire er opne for evangeliet som ein alternativ veg. Då Jesus vart fødd song englekoret: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!» Dei siste arbeidsåra har det kvart år vore nokre menneske som har vald Jesus sin veg, og har vorte døypte og fått eit nytt liv. For misjonen blant fulaniar i Mali er det nytt med dåp kvart år.

I september vart fire personar døypt: éit ektepar, éin flyktning frå grenseområdet mot Burkina Faso, og ein ung, lærd mann som er barndomsven av bibelomsetjaren vår. Nokre kilometer utanfor byen dei vart døypt i er det dei militante som regjerer. Ver med å be om beskyttelse og modning for dei nydøypte og om at endå fleire fulaniar i Mali må velja å følgja freden sitt evangelium.

Teksten er opprinneleg skriven i mars 2019.

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp