Tilbake til nms.no Maliblogg
Meny
Foto: NMS-info. Kirken i Douentza. Last ned

Draumen om eiga kyrkje

Som eit resultat av blant anna NMS sitt misjonsarbeid i Mali finst det i dag to fulanitalande kyrkjelydar i landet. Begge stadar er det folk frå 4-5 familiar knytt til kyrkjelyden, og alle har bakgrunn som muslimar.
Del Facebook Twitter E-post

Over lengre tid har dei kristne ytra ønskje om å få sitt eige gudshus, ein stad som er deira, der dei kan møtast til gudsteneste og bøn. Dei siste åra har misjonen difor hjelpe dei lokale kristne med å kjøpa tomt og byggja tenlege kyrkjebygg båe desse stadane. No nærmar arbeidet slutten.

I den nordlegaste kyrkjelyden er kyrkjebygget i sement ferdig. Det einaste som står att å gjera er å installera det elektriske anlegget. Den nye kyrkja vert allereie nytta til gudstenester, medan den gamle kyrkjebygningen skal nyttast til sundagsskule.

I den sørlegaste kyrkjelyden er kyrkjebygget ferdig, og borna har fått sitt eige skuggetak til søndagsskulen. Kyrkjelyden har likevel ikkje byrja å feira gudsteneste her endå, sidan tomta først må godkjennast for gudstenestebruk av guvernøren i regionen. Misjonen hjelper kyrkjelyden med den naudsynte dialogen med styresmaktene. Ein vonar at den naudsynte godkjenninga for bruk av tomta til gudstenestefeiring vil ordna seg innan kort tid, slik at også kyrkjelyden her kan byrja å feira gudsteneste i eiga kyrkje.

Tekst: Frode Brügger Sætre

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp