Tilbake til nms.no Maliblogg
Meny
Foto: NMS-info Last ned

Eg kjenner ei stor glede her

Under årets påskegudstene bøyer ein av dei som nettopp hadde vorte døypt seg fram, slår seg forsiktig på brystet, smiler og seier: «Eg kjenner ei stor glede her!» Til vanleg pleier han å seia: «For ein muslim er det svært vanskeleg å sjå Jesusvegen. Men når du først ser den, så er den god! Der finn du kvile!»
Del Facebook Twitter E-post

Det evangeliserande arbeidet blant dei fulanitalande folka i Mali er prega av to ting for tida.

Først av alt av at militante islamistar utgjer ein stor trussel i delar av landet, spesielt der det meste av det evangeliserande misjonsarbeid tradisjonelt har vore. Den vanskelege sikkerhetssituasjonen har gjort at dei fleste av misjonærane har flytta sørover i landet. Det er likevel nokre misjonærar som er igjen i det urolege området, saman med dei lokale kristne. Desse treng forbøn og støtte i ein vanskeleg situasjon.

Det andre som pregar det evangeliserande arbeidet i Mali er den store openheita for evangeliet. I det nordlege området der misjonen jobbar og der trusselen frå militant islamisme er størst, er det fleire personar som ønskjer kristen undervisning. Hausten 2017 håpar me å starta opplæring av 3-5 personar i desse områda som har bedd om undervisning. Lenger sør i landet er det etablert fleire grupper som møtest kvar veke for blant anna å lesa Bibelen saman på fulani. Til påske 2017 vart fire fulaniar døypte, og ein femte person skal døypast til pinse. Misjonærane har blitt inviterte for å koma og undervisa fleire stadar enn dei har kapasitet til å følgja opp, og dei vonar å starta opp nye stadar til hausten. Misjonen og dei lokale kristne heldt stadig fram med å produsera kristne radioprogram og litteratur, og mange er interesserte i desse tinga. Ein av talarane på årets store fulanisamling vart i si tid sjølve kristen gjennom å lytta til radioprogramma som NMS sin samarbeidsorganisasjon i Mali produserer.

I Matteusevangeliet (9,36-38) står det om Jesus:

Då han såg alt folket, fekk han inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar. Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»

Tekst: Frode Brügger Sætre

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp