Eg kjenner ei stor glede her
Det evangeliserande arbeidet blant dei fulanitalande folka i Mali er prega av to ting for tida.
Først av alt av at militante islamistar utgjer ein stor trussel i delar av landet, spesielt der det meste av det evangeliserande misjonsarbeid tradisjonelt har vore. Den vanskelege sikkerhetssituasjonen har gjort at dei fleste av misjonærane har flytta sørover i landet. Det er likevel nokre misjonærar som er igjen i det urolege området, saman med dei lokale kristne. Desse treng forbøn og støtte i ein vanskeleg situasjon.
Det andre som pregar det evangeliserande arbeidet i Mali er den store openheita for evangeliet. I det nordlege området der misjonen jobbar og der trusselen frå militant islamisme er størst, er det fleire personar som ønskjer kristen undervisning. Hausten 2017 håpar me å starta opplæring av 3-5 personar i desse områda som har bedd om undervisning. Lenger sør i landet er det etablert fleire grupper som møtest kvar veke for blant anna å lesa Bibelen saman på fulani. Til påske 2017 vart fire fulaniar døypte, og ein femte person skal døypast til pinse. Misjonærane har blitt inviterte for å koma og undervisa fleire stadar enn dei har kapasitet til å følgja opp, og dei vonar å starta opp nye stadar til hausten. Misjonen og dei lokale kristne heldt stadig fram med å produsera kristne radioprogram og litteratur, og mange er interesserte i desse tinga. Ein av talarane på årets store fulanisamling vart i si tid sjølve kristen gjennom å lytta til radioprogramma som NMS sin samarbeidsorganisasjon i Mali produserer.
I Matteusevangeliet (9,36-38) står det om Jesus:
Då han såg alt folket, fekk han inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar. Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»
Tekst: Frode Brügger Sætre