Tilbake til nms.no Kinablogg
Meny
Last ned

Å leve i Hongkong

Mitt namn er Marie Fløtre Dahl, i år er eg elev på Hald Internasjonale skule, eg er utplassert i Hong Kong gjennom NMS. Eg skal vere her i 6 månader og jobbe i ELCHK. No har eg vert i Hong Kong i to og halv månad og eg har fått kjent på gledene og frustrasjonen ved å bu i ein ny kultur.
Del Facebook Twitter E-post

Gode resultat og mykje god mat

I Hong kong blir gode resultat verdsett, og det har eg fått sett og opplevd. Eg hjelper til i ei leksehjelp gruppe to gongar i veka, å barna er så flinke og kunnskapsrike. 1.klassingane snakkar engelsk med meg, det er veldig kjekt for meg å kunne kommunisere med dei, men så blir eg også litt mismodig over at dei er så god i så tidleg alder. Det ligger mykje arbeid bak som dei heller skulle brukt på leik og venner.

I Hong Kong er der eit høgt prestasjonsnivå  som eg merkar på tempoet i samfunnet og tid og innsats dei legg ned i jobben og skulearbeidet. Dei har lange dagar, men finn som oftast tid til å møte vener og familie rundt eit måltid. For i Hong Kong er matkulturen sterk. Her er det normalt å ete ute til kvart måltid – også frukost. For ein nordmann som et ute på restaurant kun ved spesielle anledningar er det ein stor kontrast. Her er det ikkje noko som heite nistepakke på jobb eller skule. Dei har ein times lunsjpause og går då ut på restaurant og et lunsj. Men eg vil heller kalle det middag, for det er ein middagsporsjon + litt til.

Å bu

Leilegheitene i Hong Kong er veldig små så det er ikkje plass til å invitere mange gjester heim, difor blir måltid på ein restaurant viktige. Det er der dei samlast når dei vil bruke tid med kvarandre. Som også er annleis frå Norge, vi inviterer ofte folk heim til oss sjølve og vartar gjestane opp og bruker mykje tid og pengar på interiør. I leilegheitene her er det ikkje mykje bilde på veggane, pynteputer og stearinlys på borda. Hongkongere er ute heile dagen – også når dei har fri. Og har difor ikkje på same måten behov for den koselege atmosfæren heime som vi i Norge gjerne vil ha.

Bilde: Marie Fløtre Dahl

Liten plass

Hong Kong er mindre enn Færøyane i areal og har ei befolkning på 7,4 millionar, då blir det trongt om saligheita. Her eg sit å skriv ser eg ut på 5 skyskraparar med over 50 etasjar i kvar. Hong Kong er ein av byane i verda med mest skyskraparar, men det må til for å klare å gi husrom til alle, så må det byggast i høgda.

Med så mange folk på eit lite areal er det lenge sida eg har høyrt stillheita. Av og til kan behovet for å søke skogens ro melde seg, men sjølv om Hong Kong er ein liten by har det også mykje natur og fjell. Det høgste fjellet er Tai Mo Shan med 957 m.o.h. . Du kan finne rolegare områder, du må berre leite litt. Hong Kong er ein pulserande by, så her er alltid noko å utforske eller ny mat test ut.

Forventingar

Eg hadde ikkje så mange  forventningar før eg reiste, men Hong Kong har absolutt ikkje skuffa. Det er nokon kontrastar samanlikna med Norge, men det set også ting i perspektiv.  Å leve i ein ny kultur skal vel sette ting i perspektiv?

Bilde: marie Fløtre Dahl

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp