Tilbake til nms.no Etiopiablogg
Meny
Last ned

Suksess i Kamashi

I Vest-Etiopia er Gudato ein av bøndene som har lukkast best med å auke avlingane sine etter at programmet Green LIP starta opp landbruksaktivitetar i området.
Del Facebook Twitter E-post

Green Livelihood Program (Green LIP) er eit utviklingsprogram i dei regionale statane Oromia og Benishangul-Gumuz i Vest-Etiopia. Eitt av lokalsamfunna som ligg i dette nedslagsfeltet er Daguba i Kamashi. Her er Gudato ein av bøndene som dyrkar jorda saman med familien sin. Han er 50 år og  har sju barn; seks gutar og ei jente. Gudato og familien hans er ein av hushaldningane med låg inntekt i prosjektområdet som drar nytte av ny kunnskap og fleire innsatsfaktorar gjennom Green LIP.

Gudato og familien hans har fått opplæring i nye dyrkingsmetodar for frukt og grønsaker og tips til forbetring av gamal kunnskap. I tillegg har dei fått tilgang til forbetra frø og såvarer gjennom Green LIP. Saman hjelper dette bøndene i landsbyane til å utnytte jorda betre samstundes som dei får hjelp til å ta betre vare på naturen og ressursgrunnlaget som dei lever av.

Suksesshistoriane i prosjektområda er mange, og Gudato er ein av dei som har levert best resultat og størst forbetring i jordbruket sitt. I tillegg til å fø familien har han hausta nok til å selja frukt og grønsaker for store summar, noko som gjev stor motivasjon for å satse vidare. No gjer han seg klar for å dyrke endå større areal med mais og andre vekster som kan fø både han sin familie og mange andre husstandar i regionen. For Gudato er gode haustingar og lovande resultat ei sterk drivkraft for å stå på vidare, og andre bønder blir inspirert av det han presterer. No vil dei gå i gang med det same på sine marker. Suksess smittar!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp