Tilbake til nms.no Etiopiablogg
Meny
Last ned

Utviklingsarbeid i urolege tider

Det er uro i Vest-Etiopia. I ein kvardag med vegsperringar og kamphandlingar står prosjektstaben i Green LIP trufast på for å betre levekåra for sine medmenneske.
Del Facebook Twitter E-post

I 2022 starta tredje fase av Green Livelihood Program (Green LIP) i Vest-Etiopia, eit utviklingsprogram i dei regionale statane Oromia og Benishangul-Gumuz. Med spesielt fokus på kvinner og ungdom har programmet eit overordna mål om å betre levekåra i prosjektområda. Målsetjinga er at heile 22 360 personar skal vera direkte berørt av programmet, i tillegg til 30 000 personar som indirekte får glede av aktivitetane. Green LIP er utforma for å adressere dei sosioøkonomiske utfordringane i lokalsamfunna, uavhengig av religion, etnisitet, kjønn og alder.

Situasjonen i dette oppstartsåret har vore langt frå ideell. Ein del av prosjektområda har vore vanskeleg tilgjengelege for besøk av prosjektleiinga, men dei lokalt tilsette står likevel i jobben. På landevegen mellom ulike område og kontor er det stadig vegsperringar og kamphandlingar som tvingar staben til å snu eller utsetja reiser. Væpna konfliktar i regionen er ein alvorleg risiko, og dei tilsette må setja eigen tryggleik fyrst. Gjennom ein imponerande og modig innsats har dei likevel fått etablert prosjektadministrasjonen, inngått naudsynte avtaler og gjennomført mange av aktivitetane som var planlagte.

I programmet er det to hovudmålsetjinger som står i fokus. Den eine er at ungdom og kvinner skal få tilgang til inntekt og juridiske rettar og styrke deira posisjon i samfunnet. Gjennom opplæring og ulike aktivitetar er målet auka sosial og økonomisk innflytelse for kvinner og auka jobbmoglegheiter og verdiskaping for ungdom.

Den andre hovudmålsetjinga er å fremja klimasmart, berekraftig landbruk som er motstandsdyktig mot klimaendringar og kan gjeva auka mattryggleik. Som ein del av dette har programmet fokus på auka kunnskap om stadeigne planter som er motstandsdyktige mot tørke og eigna for skogvern. Overutnytting av naturressursar og mangel på jord og mat er alle faktorar som kan føre til konfliktar mellom ulike etniske grupper. Ved å ta vare på miljøet og livsgrunnlaget kan programmet difor bidra til ein fredeleg sameksistens i hardt pressa område.

 

Distribusjon av treplanter er ein av aktivitetane programmet er i gang med.

For å bidra konkret til fred i lokalsamfunnet blir det gjennomført ulike aktivitetar som skal bidra til å oppretthalde tradisjonelle mekanismar for konflikthandtering og overføre denne kunnskapen til yngre generasjonar. Dette er svært viktig i ei tid der etniske konfliktar har blussa kraftig opp i landet. No ber og håpar alle om eit nytt og betre år for menneska som bur i landet og for det viktige arbeidet som Green LIP ønskjer å gjera for folket.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp