Tilbake til nms.no Englandblogg
Meny
Foto: Solgunn P. Smith Last ned

Ablaze North

Del Facebook Twitter E-post
Bildet viser ettåring Anna sammen med noen av jentene våre som var med på Ablaze North

Ettåring Anna sammen med noen av jentene våre

Heihei!! Mitt namn er Anna, og eg er eittåring her i Carlisle. Eg har fått æra av å bruka eit år på å jobba med ungdom gjennom Carlisle Network Youth Church, og ein av dei tinga eg har vært med på å gjere er Ablaze north. Ablaze er eit opplegg der  me ynskjer å samle ungdommar i Cumbria. Og Ablaze North, som Carlisle og Solway NYC arrangerte, er dermed for ungdommar nord i Cumbria.

Bildet viser to av jentene fra Solway NYC på Ablaze.

To av Solway NYC- jentene

 

Ablaze north dagen gjekk føre seg slik: Me starta dagen utanfor Stanwix park, ein aktivtitespark i Silloth. Når så alle ungdommane som var meldt på var på plass gjekk byrja dei to første aktivitetane som var symjing og bowling. I løpet av denne tida  var det og servert lunsj. Etter den første delen av dagen var omme, byrja den meir intense delen, nemleg ein sporlek. Alle ungdommane blei delt inn i grupper på 5-6 stk, med ein teamledar kvar. Fokuset for sporleken var å få så mykje poeng som mogeleg på den tida dei hadde, ved å utføre ulike poster spreidd rundt i Silloth. Dagen blei runda av med ein liten kreativ framføring frå kvar av laga. Og til slutt vart det vinnande laget annonsert, og dei fekk alle ein premie for innsatsen.

Bildet viser Anna sammen med laget hennes, hvor hun måler spagettitårnet de har laget.

Anna sjekker hvor høyt spagettitårnet til laget hennes har blitt.

Den beste delen av Ablaze north for meg var to ting. Nr 1 var å sjå korleis arrangementet som eg hadde vore med på å laga gå frå å berre være ein ide rundt eit kafé-bord til å bi realisert. Nr 2 var når dagen var omme, og eg spurte nokre av ungdommane som venta på å bli plukka opp om dei hadde hatt det kjekk dag, og dei svara ja. Det varma hjarta mitt, og gjorde dagen min mykje betre.

 

 

Tekst: Anna Fauskanger Pedersen

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp