Ablaze North

Ettåring Anna sammen med noen av jentene våre
Heihei!! Mitt namn er Anna, og eg er eittåring her i Carlisle. Eg har fått æra av å bruka eit år på å jobba med ungdom gjennom Carlisle Network Youth Church, og ein av dei tinga eg har vært med på å gjere er Ablaze north. Ablaze er eit opplegg der me ynskjer å samle ungdommar i Cumbria. Og Ablaze North, som Carlisle og Solway NYC arrangerte, er dermed for ungdommar nord i Cumbria.

To av Solway NYC- jentene
Ablaze north dagen gjekk føre seg slik: Me starta dagen utanfor Stanwix park, ein aktivtitespark i Silloth. Når så alle ungdommane som var meldt på var på plass gjekk byrja dei to første aktivitetane som var symjing og bowling. I løpet av denne tida var det og servert lunsj. Etter den første delen av dagen var omme, byrja den meir intense delen, nemleg ein sporlek. Alle ungdommane blei delt inn i grupper på 5-6 stk, med ein teamledar kvar. Fokuset for sporleken var å få så mykje poeng som mogeleg på den tida dei hadde, ved å utføre ulike poster spreidd rundt i Silloth. Dagen blei runda av med ein liten kreativ framføring frå kvar av laga. Og til slutt vart det vinnande laget annonsert, og dei fekk alle ein premie for innsatsen.

Anna sjekker hvor høyt spagettitårnet til laget hennes har blitt.
Den beste delen av Ablaze north for meg var to ting. Nr 1 var å sjå korleis arrangementet som eg hadde vore med på å laga gå frå å berre være ein ide rundt eit kafé-bord til å bi realisert. Nr 2 var når dagen var omme, og eg spurte nokre av ungdommane som venta på å bli plukka opp om dei hadde hatt det kjekk dag, og dei svara ja. Det varma hjarta mitt, og gjorde dagen min mykje betre.
Tekst: Anna Fauskanger Pedersen