Tilbake til nms.no Brasilblogg
Meny
Foto: iStock Last ned

Den intellektuelle misjonsmarka

Kor er Gud når du har god jobb, flott bil og fancy hus?
Del Facebook Twitter E-post

Professor Martin Weingaertner. Foto: Helene Reite Uglem

I Curitiba i Brasil veks det fram eit fellesskap for dei urbane og intellektuelle som aldri har sett sin fot i ei kyrkje før.

Sekulær by

Det bur omtrent 2,5 millionar i Curitiba. Både byen og utdanningsnivået veks raskt. Her er det tett mellom skinande CV-ar og bilar, men lengre mellom kyrkjene. Treng dei Gud?

– Mange kjem til kyrkja når ein opplever sjukdom og kriser. Men kor er dei med heilt vanlege liv? Dei har ikkje kyrkja klart å nå, seier Martin Weingaertner som er involvert i kyrkjeplantinga i Den lutherske kyrkja i Brasil.

– Det er dei høgast utdanna som er mest sekulariserte. Folk som aldri før har sett sin fot i ei kyrkje. Dei er det mange av her. Også dei treng Jesus.

 

Daglegvare

Det starta i mai då ein pastor og eit team på 16 personar byrja å invitere folk til temasamlingar på eit konferanserom. Aktuelle og livsnære ting stod på agendaen, og det slo an. 60 personar kom på den første samlinga.

– Kvar samling har eit tema. Noko aktuelt som opptek folk. Så syng vi. Gjerne kjende songar med ein bodskap som passar til tema. Så er det undervisning og samtale. Barna og ungdommane har eige opplegg. Så et vi saman til slutt, fortel Martin om Vivenda. Samlingane har blitt oppkalla etter ein butikk. Det skal vere ein stad som gir påfyll til kvardagen.

– Å plante kyrkje er litt som å starte ein blomsterbutikk. Korleis får ein folk til å komme tilbake og bli fast kunde? Det er lov å tenke litt lurt.

 

Dei vanskelege orda

– Rettferdiggjort. Heilaggjering. Synd.

Sjølv om du har ei høg utdanning i juss, medisin eller arkitektur, er det ikkje sikkert du veit kva desse orda betyr, seier Martin.

Dei prøver å unngå dei «kristne» orda.

– Når folk som ikkje er kristne spør kva eg jobbar med, prøver eg å bruke ord dei kjenner. Paulus brukte forskjellig språk overfor romarane og korintarane. Slik må vi også tilpasse oss, seier Weingaertner som jobbar ved FATEV, eit teologisk institutt i Curitiba der ein utdannar prestar og trener dei i å plante kyrkjer.

– Visjonen vår er å vere tru mot Bibelen, samstundes som vi tilpassar oss kulturen vi lever i. Vi må snakke eit språk folk forstår. Det har gitt oss noko å bryne oss på, og det trur eg er bra.

 

Samansett gjeng

Plante-teamet er fargerikt: Ein rappar, ein arkitekt, professorar, ingeniørar, teologar og næringslivsfolk fekk først eit halvt år med opplæring i kyrkjeplanting.

– Dei lever i ulike verder, men utfyller kvarandre. Alle har eit vanleg arbeidsliv, men har også ein fot i kyrkja, seier han.

Dei som møter opp er minst like forskjellige.

– Mange er foreldre frå 35 år og oppover. Dei har ulike jobbar og livssituasjonar. Nokre kjem ofte, andre meir sporadisk.

Vi er ingen fast gjeng endå. Men barna knyter seg fort til kvarandre, og det

er gjerne dei som får med seg foreldra tilbake.

 

Kvardagslege tema

– Det er ingen liturgi og svært flat struktur. Her står ikkje pastoren i fokus. Mange har eit anstrengt forhold til kyrkja og forma. Difor prøver vi å tilpasse oss og ha ein stil dei kan slappe av i, fortel professoren.

Her skal det vere uformelt og avslappa. Det er lov å stille dei vanskelege spørsmåla.

– Men vi er tydelege på kva vi er. Kvart møte blir avslutta med bøn, seier Martin.

Teamet bestemmer tema ut frå kva

som rører seg i deltakarane og i samfunnet elles.

– Dersom det er val, kan vi snakke om det. Korrupsjon, helse, fotball og evolusjon har stått på timeplanen. Vi har vore gjennom mykje. Å kople Bibelen til dei livsnære tinga er ei god utfordring.

 

Smågrupper i heimane

Dei har også danna smågrupper i stovene til leiarane.

– Her er det tid til å gå litt djupare inn på personlege ting, legg han til.

Og folk er opne. Sjølv om dei kanskje ikkje vil forplikte seg til å komme til konferanserommet kvar søndag, er mange av dei søkande.

– Folk er opne når dei ikkje kjenner seg pressa til det. Dei ønskjer respekt for sine livssyn.  At ingen fordømmer tankar som er annleis. Vi møter mange brente barn som har eit anstrengt forhold til kyrkja.

– Kva håpar du dette prosjektet blir

til slutt?

– Eg håpar på vekst. At folk blir verande, og tør å engasjere seg. Draumen er at vi vil trenge meir plass. Planen er å kome i gang med eit disippelkurs for dei som vil noko meir. Så håper eg det med tida vert fleire slike fellesskap i den store byen.

Artikkelen er hentet fra MT Misjonstidende 6/18.

Ønsker du å lese mer i Misjonstidende, finner du alle utgavene på nett. Du kan også få MT gratis i postkassen. 

 

NMS og Brasil

  • NMS har vore engasjert i Brasil sidan 1975. Hovudfokus er kyrkjeplanting, teologisk utdanning og leiartrening.
  • Samarbeidspartnar er fornyingsrørsla Movimento Encontrão (ME) i Den evanglisk lutherske kyrkja i Brasil (IECLB).
  • ME har eit teologisk fakultet, FATEV i Curitiba, ein eigen misjonsorganisasjon (Missão Zero) og gjev tilbod om ungdomsutveksling og opplæring.
  • NMS støtter teologisk utdanning og leiartrening ved FATEV i Curitiba. Skulen utdannar prestar som er trena i å etablere nye kyrkjer.
  • NMS og ME sender misjonærar frå Brasil til Frankrike.
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp