30-årsjubileum i Thailand
Denne saken står på trykk i årets andre utgave av Misjonstidende.
I januar 1975 reiste Hongkong-misjonærane Ernst Harbakk og Nils Peder Kjetså på oppdrag frå landsstyret i NMS på ein rundtur i Søraust-Asia for å finne eit nytt misjonsfelt. Dei reiste gjennom mange land og konkluderte med at i Laos var det størst behov. Der vart dei også ønskt veldig velkomen av ei lokal kyrkje dei fekk kontakt med.
Men Laos fall for kommunismen, og det vart ikkje mogeleg å starte arbeid der. Landsstyret vedtok seinhaustes i 1975 at ein skulle starte i Thailand og halde mogelegheita open for eit eventuelt seinare engasjement i Laos. Eli og Emil Årsheim vart spurt om å starte i Thailand, sjølv om dei begge nesten var klare for å verte pensjonistar. Årsheims kom til Thailand i slutten av august 1976. Familien Kjetså kom tre veker seinare.
I 1978 sende Det Finske Misjonsselskapet misjonærar til Thailand (Nå: Finsk Evangelisk Luthersk Misjon – FELM). Ganske fort vart dei einige om eit samarbeid. Organisasjonen Luthersk Misjon i Thailand (LMT) vart etablert i 1980, og samarbeidsavtalen vart laga slik at unge lutherske kyrkjer i Asia kunne bli med i arbeidet. Ganske fort kom Den evangelisk-lutherske kyrkja i Hongkong (ELCHK) med i arbeidet. I 1988 vart Singapore lutherske kyrkja med. Etter at ELCT vart etablert i 1994, søkte Kinki-kyrkja om å bli med. Seinare har også ei luthersk kyrkje i Australia og Den gassisk-lutherske kyrkja på Madagaskar blitt med. Den siste partnaren i arbeidet er Taiwan lutherske kyrkje. Desse misjonsorganisasjonane og kyrkjene har alle sendt misjonærar til Thailand.
Målet var heile tida å etablere éi luthersk kyrkje i Thailand. Det hadde vore lutherske misjonærar tidlegare i Thailand, men NMS var den fyrste lutherske organisasjon som starta ordinært arbeid i landet. I samarbeidsavtalen stod det at «evangeliet skulle forkynnast i ord og handling, og kyrkjelyder etablerast med sikte mot å etablere ei lutherske kyrkje i landet».
Målet vart oppnådd i 1994. Då var det 14 kyrkjelyder med rundt 1000 døypte medlemmer. Dette året vart det skreve kyrkjehistorie i Thailand. Det er ikkje daglegdags at arbeid som NMS har starta har ført til danning av ei nasjonal kyrkje. Faktisk har det berre skjedd ein gong i løpet av dei siste 60 år.
Jubileet skulle vore markert i 2024, men av ulike grunner blir 30-årsjubileet markert i år. I dag er det 29 kyrkjelyder, fleire preikestader, eit stort diakonalt arbeid, teologisk undervisning og totalt cirka 3700 medlemer. Koronaperioden var ei vanskeleg tid for kyrkja, og det er færre medlemer i dag enn før pandemien.
Musikkundervisning er blant arbeidet som drives av kyrkja i Thailand.