Nyhet

Suksess for NMS Gjenbruk Volda - bytta lokasjon

Fredag 1. november var det stor stas i Volda. Etter fleire år med jakt etter nye lokaler, kunne NMS Gjenbruk Volda åpne ny butikk midt mellom Campus og Studentsamskipnaden.

Kundane hos NMS Gjenbruk er heldige som møter våre hyggelege medarbeidarar her ved Kari Laila Aksnes og Marit Tjelle Drabløs[/caption]Det kunne merkast på åpningsdagen med over 100 i kø, derav mange studentar. Det er blitt gjort plass til stor klesavdeling og eigen systasjon der ein kan sette seg ned å låne symaskiner i åpningstida. Dette tilbudet er mykje brukt, spesielt av studentar. Butikken er bygd opp i NMS Gjenbruk profil, med glashyller til ting og tang, profilfarge og slagord på vegg, knausen-oppsett og prøverom. Småmøblar er plassert rundt mellom dei andre varegruppene i små hyggelege møbel-miljø. Dette selger!Hittil i år har det vore ei auke på 211% frå same tid i fjor! Tusen takk til ein imponerande gjeng medarbeidarar i Volda som tenker nytt, er slagferdige med hammar og som har lagt ned ein enorm jobb i høve ny butikk.

Del dette innlegget

Skrevet av: