Nyhet

Storslagen basar til inntekt for SAT-7

Fullt hus og god stemning på årets misjonsbasar. Foto: Astrid U. Øygard

Fullt hus og god stemning på årets misjonsbasar. Foto: Astrid U. Øygard

Skrevet av:
NMS
Publisert:
13.2.2026

Misjonsforeiningane "Spiren" og "Barabassane" arrangerte basar til inntekt for NMS si støtte til satelitt kanalen SAT-7 sitt arbeid i Midtøsten og Nord-Afrika. Dørene opna kl. 12.30 og starta med sal av bacalao, kaker og tombola.

Tennfjord barnekor

Karane i Barabassane stod for laging ogsal av bacalao, medan damene i Spiren hadde ansvar for kakesal, tombola og anna loddsal. Bygdefolket og folk frå andre bygder kom og kjøpte. Ei god stemningfylte bedehuset, ikkje minst då Tennfjord barnekor med sin dirigent Gine Gaustad Anderssen stilte opp og song. Astrid Ulvestad Øygard hadde andakt og gjennom ein video fekk vi informasjon om det mangfaldige arbeidet til SAT-7.

Loddsal på bok, åresal, tombola, sal av bacalao og kaker gav eit godt brutto resultat- vel 60 000 som vi er glade for å kunne gi til det viktige arbeidet SAT-7 gjer i sårbare områder i Midtøsten og Nord-Afrika.

Det er kjekt med basar!

Astrod Ulvestad Øygard heldt andakt
Sal av deilig baccalao

Del dette innlegget

Skrevet av:

NMS