Stor suksess med strikkehelg på Kjeldsund!
Ein fin liten flokk med strikkeglade damer var samla på Kjeldsund siste helga i haustferien. Det var ikkje lagt opp til for mykje program, men tid til god prat, god mat, og kvilepuls.
Sist oppdatert 16.10.2024
Og alt det fekk vi rikeleg av alle saman!. Vi hadde to gjestar innom i løpet av helga; Ingrid Nerhoel hadde sangkveld på laurdagen og Laila Helle kom søndag formiddag for å snakke om NMS og om eit nytt og viktig prosjekt på Madagaskar.
I tillegg hadde vi to strikkebutikkar representert i løpet av helga som delte villeg av sine erfaring, modellar og gav høve til ein god handel. Takk til Nettstrikk i Volda og Studio Lun i Ulsteinvik. Resten av «Programmet» vart leia av komiteen; Ruth Linda Osnes, Lena Kvalsund Myklebust og Barbro Landmark. Tenke du at dette hadde vore kjekt å vere med på? Kjeldsund er booka til strikkehelg siste helga i september 2025.